Hopp til innhold
X
Innhald

Metafor

Metafor (frå gresk metaphorá, overføring, av meta-phérein over-føre). Å overføre eit ord eller uttrykk frå eitt tydingsområde til eit anna, som når vi seier at temperaturen stig og fell når det vert varmare og kaldare. Her vert verba stige og falle overførte frå å kjenneteikne rørsler opp og ned i rom til å kjenneteikne temperaturvariasjonar.
Metaforar er språkbilete som kanvere innarbeidde uttrykk i språket, som til dømes "tida går".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012