Hopp til innhold
X
Innhald

Objekt

Objekt (frå latin) er ein ting eller ein gjenstand.  I filosofoen tyder ojekt det som vert oppfatta, i motsetnad til subjektet som er den som oppfattar det.
I språkvitskapen tyder objekt  eit setningsledd som kjenneteiknar den eller det som er utsett for ei handling (direkte objekt) eller har interesse (nytte eller skade) av den (indirekte objekt, òg kalla omsynsledd). I setninga "Kari sende Ola eit brev" er brev direkte objekt og Ola indirekte objekt. I indoeuropeiske kasusspråk står det direkte objektet som oftast i akkusativ og det indirekte i dativ.
I dataspråket vert objekt brukt om ei samling data og instruksjonane til maskina om korleis dei skal handsamast. Eit objekt vert ofte vist for brukaren som eit ikon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012