Hopp til innhold
X
Innhald

Rasjonalisme

Rasjonalisme (frå latin ratio, fornuft).
 
Filosofisk: fornuftstru, tiltru til fornufta. Erkjenningsteori: Lære som tek utgangspunkt i fornufta, og tenkinga som kjelde til erkjenning. Sentrale representantar for rasjonalismen er mellom andre Platon, Descartes, Spinoza og Leibniz. Motsetnaden er empirisme, som byggjer på erfaring, og sensualisme som legg størst vekt på sanseinntrykka.
 
Teologisk: ei fornuftsprega haldning til religiøse førestellingar og religiøs tru. Ein rasjonalist er tilhengjar av rasjonalismen. Adjektivet er rasjonalistisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 10.08.2012