Hopp til innhold
X
Innhald

Relativisme

Relativisme (frå latin relatio, forhold, tilbakeføring, til referre, perfektum partisipp relatus, bringe, føre tilbake) er ein filosofisk teori som går ut på at det ikkje finst absolutte, uforanderlege verdiar, men at alt er relativt og varierer med omstenda.
Sofisten Protagoras' sentens om mennesket som målet med alle ting (homo mensura), er eit typisk uttrykk for relativisme. Ein relativist er ein tilhengar av relativisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012