Hopp til innhold
X
Innhald

Sensualisme

Sensualisme (frå latin sensus, sans) er ei filosofisk retning som påstår at all erkjenning byggjer på sansane og dei inntrykka vi tek imot gjennom dei. I daglegtalen tyder ordet omtrent det same som sanseleg lyst. Ein sensualist er ein person som dyrkar det sanselege. Sensuell er det same som å vere sanseleg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012