Hopp til innhold
X
Innhald

Stoisisme

Stoisisme er ei filosofisk lære som vart grunnlagd i byrja på 300-talet f.Kr. av den greske filosofen Zenon. For stoikarane er dygd det einaste gode, og last det einaste vonde. Alt anna er i siste instans uvesentleg og noko ein bør heve seg over. Dygd føreset innsikt, ikkje minst i verdsordenen som ikkje kan endrast – og ein fast vilje til å underordne seg denne og leve i pakt med verdsfornufta, logos, utan å la seg forstyrre av ytre omstende som fattigdom eller rikdom, god helse eller sjukdom. Det vil seie likegyldige ting, såkalla adiafora. Mange av grunntankane i stoisismen fann atterklang i kristendomen; han gav styrkje og haldepunkt i nedgangstider og kom til å bringe fram ei rekkje karakterfaste, sterke personlegdomar, ikkje minst i Roma (mellom andre Seneca og keisar Marcus Aurelius). Ein stoikar er ein tilhengjar av stoisismen. I daglegtalen er ein stoikar ein person som tar tinga som dei kjem, roleg og upåverka. Adjektiv: stoisk. Namnet kjem av stoa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2012
Sist oppdatert: 05.06.2013