Hopp til innhold
X
Innhald

Syntese

Syntese (frå gresk synthesis, til syntithetai, setje, stille saman) er å stille noko saman til ei eining. Det motsette er analyse.
I filosofien meinte Immanuelt Kant at syntesen er evna mennesket har til å omarbeide sanseinntrykka til ei eining.
Syntese er det tredje leddet i dialektikken til Hegel: tese, antitese, syntese.
Syntese er også ei kjemisk nemning: Framstilling av meir kompliserte stoff (molekyl) utifrå enklare stoff (molekyl).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012