Hopp til innhold
X
Innhald

Teleologi

Teleologi (frå gresk telos, føremål, siktemål, og logi, lære) vert òg kalla finalisme (frå latin finis, grense, mål).
I filosofien er telelogi ei nemning på ei lære om at alt skjer med eit visst siktemål etter ein kosmisk plan som ligg under, og med eit endeleg mål, og at prosess og middel vert avgjorde av planen og målet. Teleologisk gudsprov: Å prove at Gud eksisterer utifrå det føremålstenlege i naturen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012