Hopp til innhold
X
Innhald

Voluntarisme

Voluntarisme (frå latin voluntas, vilje), filosofisk teori om at viljen er det sentrale i livet og tilværet. Ein skil mellom metafysisk voluntarisme, representert ved Schopenhauer, som set viljen over fornufta eller intellektet når det gjeld å nå fram til erkjenning, og etisk voluntarisme som legg vekt på kva det å ville det gode har å seie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012