Hopp til innhold
X
Innhald

Atman

Atman (sanskrit) er etter indisk filosofi det inste vesenet i det einskilde individet, «eg-et». I brahmanismen er det identisk med brahman, verdssjela, som tenkjaren skal identifisere seg med. Ordet tyder opphavleg «pust, ånd, sjel, sjølv» (i motsetnad til materien).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012