Hopp til innhold
X
Innhald

Kabbala

Kabbala (nyhebraisk, eigentleg overlevering), opphavleg i Talmud, namn på dei historiske og profetiske bøkene i Det gamle testamentet (i motsetnad til Lova), seinare særleg namn på ei populær retning i den jødiske religionsfilosofien frå mellomalderen. Denne retninga er sterkt prega av mystikk og teosofi og med tida, særleg hos polske jødar, av astrologi, tal- og bokstavmagi. Kabbala hadde si første store tid i Spania på 1200-talet. Sentrale kabbalaskrifter er Skapingsboka (Jesira) og Lysglansboka (Sohar) som blir rekna som kabbalabibelen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012