
Ill.: freepik
Innhald
Yang og yin
Yang og yin eller yin og yang er eit gamalt kinesisk symbolomgrep for dei to motpolane som ein meiner å sjå i all natur. Omgrepet representerer ingen dualisme i vestleg forstand, som til dømes det vonde og det gode i kristendomen, men dei to elementa fyller kvarandre ut og er begge nødvendige for å danne ein harmonisk heilskap. Yang blir oppfatta som det maskuline, himmelske, lyse, varme, sentripetale elementet, og Yin som det feminine, jordiske, mørke, kalde og sentrifugale elementet.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 17.08.2015
Sist oppdatert: 17.08.2015