Hopp til innhold
Det finske flagget. Det finske flagget har ein blå kross på kvit bakgrunn. Armane på krossen går heilt ut til kantane av flagget, og den vertikale armen er forskuva noko innover frå midten mot flaggstanga, slik mønsteret er i dei nordiske flagga. Flagget blei offisielt teke i bruk i 1918.
Det finske flagget. Det finske flagget har ein blå kross på kvit bakgrunn. Armane på krossen går heilt ut til kantane av flagget, og den vertikale armen er forskuva noko innover frå midten mot flaggstanga, slik mønsteret er i dei nordiske flagga. Flagget blei offisielt teke i bruk i 1918.
X
Innhald

Finland

Finland er eit grenseland mellom aust og vest, både geografisk og kulturelt. Finnane har tradisjonelt vore nært knytte til Russland, og majoritetsspråket skil seg sterkt frå nabospråka i Skandinavia. Samstundes har landet tette band vestover, både til Sverige, resten av Norden og Europa.

Finland er det tredje folkerikaste landet i Norden, med 5,5 millionar innbyggjarar, men har den kortaste historia som sjølvstendig stat av dei nordiske landa, etter Island. Landet låg i fleire hundre år under Sverige. Både svensk og finsk er offisielle språk, og striden mellom finlandssvensk og finsk kultur har vore med på å prege historia og kulturlivet i landet.

 

Landet er det einaste i Norden som har lege under ei ikkje-nordisk makt, Russland, frå 1808 til 1917. Forsøk på russifisering frå slutten av 1800-talet førte ikkje fram, i staden vann den finske nasjonalrørsla full siger i samband med den russiske revolusjonen. Med frigjeringa frå utanlandsk overherredøme følgde ein blodig borgarkrig mellom dei borgarlege og sosialistane, som sette djupe spor i det finske samfunnet. Vinterkrigen mot Sovjetunionen i 1939–40 samla det finske folket, men blei samtidig ei påminning om kva den store og mektige naboen var i stand til. Gjennom den kalde krigen utgjorde Finland ein nøytral buffer mellom aust og vest, men finske regjeringar passa heile tida på å balansere eigne interesser opp mot tolegrensa til Sovjetunionen. Etter at supermakta gjekk i oppløysing, vende Finland seg meir mot vest både politisk og økonomisk. I motsetning til nordmennene, sa finnane ja til EU-medlemskap i 1994.

 

Som i dei andre nordiske landa har Finland ein høgt utvikla velferdsstat, som sikrar innbyggjarane mange sosiale og økonomiske rettar. Finnane har lukkast godt på fleire område, til dømes har landet eit skulesystem som mange ser opp til, og som skårar høgt på ulike internasjonale målingar. Samtidig har Finland gjennom dei siste tiåra vore igjennom fleire djupe økonomiske kriser. Saman med marknadstilpassing og liberalisering har dette sett fleire velferdsordningar under press. Finland har i nyare tid ført ein streng innvandringspolitikk og har i mindre grad enn andre europeiske land teke imot immigrantgrupper frå andre verdsdelar.

Nordlys i Lappland. Foto: Juho Holmi (2015), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Nordlys i Lappland. Foto: Juho Holmi (2015), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

 

Samband med andre land

Finland har ein høg levestandard i høve til dei fleste andre statar. Landet ligg på 24.‑plass på FN sin indeks for menneskeleg utvikling, lågast av dei nordiske landa. Finland blei hardare råka enn resten av Norden og EU under finanskrisa i 2008, og finnane slit framleis med høg arbeidsløyse og økonomisk stagnasjon.

 

Finland er medlem av EU (Den europeiske unionen), FN (Dei sameinte nasjonane), OECD, Nordisk råd og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar. Landet har ein samarbeidsavtale med Nato og har sendt fredsbevarande styrkar til Kosovo og Afghanistan, men er altså ikkje medlem i organisasjonen. Medlemskap i Nato har likevel vore eit aktuelt politisk spørsmål i Finland. Martin Ahtisaari, president i Finland frå 1994 til 2000, gjekk i si tid inn for Nato-medlemskap for å gjere slutt på «finlandiseringa» – eit internasjonalt uttrykk for at ein stor og mektig stat har stor innverknad på politikken i ein mindre nabostat. Men mange finnar fryktar at ei binding til Nato vil øydeleggje forholdet til Russland, som framleis er viktig, og russiske styresmakter har uttalt seg svært kritisk om eit finsk Nato-medlemskap.

 

Utanrikshandel spelar ei viktig rolle i finsk økonomi, sidan landet har relativt få innbyggjarar og manglar ein stor heimemarknad. Storparten av utanrikshandelen er retta mot resten av EU (59 % import, 63 % eksport). Tyskland og Sverige er dei viktigaste enkeltlanda når det gjeld både eksport og import. Dei største handelspartnarane utanfor EU er Russland (import) og USA (eksport). Sidan 2011 har Finland hatt underskot på handelsbalansen.

 

Finland låg i 2015 på 7.‑plass av alle land når det galdt å yte utviklingshjelp i høve til folketalet. Av landa som har fått bilateral bistand frå Finland, ligg dei fleste i Afrika sør for Sahara. Den multilaterale bistanden auka fram til 2015, men då kutta den finske regjeringa bistandsbudsjettet med 40–43 %. Grunngivinga var at Finland trong pengane for å betale ned på eiga gjeld.

 

Åland, som ligg i Austersjøen mellom Sverige og Finland, har indre sjølvstyre, med eige landsting og ei eiga landskapsregjering. Øygruppa har eigen delegasjon til Nordisk råd, og det ålandske lagtinget skal godkjenne finske utanrikspolitiske avtalar. Åland er med i EU, men har ein særskilt status i unionen, regulert gjennom ein eigen avtale.

 

Noreg har ei lang grense mot Finland, og handelen mellom dei to landa er omfattande, med mellom anna norsk eksport av olje. Finland er også ein viktig politisk samarbeidspartnar for Noreg, særleg når det gjeld saker knytte til nordområda. Liksom i Noreg har samane i dei nordlegaste delane av Finland sitt eige sameting og særskilde urfolksrettar knytte til språk, kultur og bruken av landområda.

 

Den største gruppa av utanlandske turistar i Finland er russarar. Landet er kjent for særeigen design, nordlys og saunaer, og byen Rovaniemi i Nord-Finland marknadsfører seg som den offisielle heimbyen til julenissen. Dei viktigaste ferielanda for finnane er Estland, Spania og Sverige.

Ishotell i Lappland, Finland. Foto: Visit Finland (2006), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Ishotell i Lappland, Finland. Foto: Visit Finland (2006), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

 

Geografi

Finland har eit flatemål på litt over 338 000 kvadratkilometer. Det er litt større enn Noreg utanom Svalbard, men mindre enn Sverige. Landet er det åttande største i Europa og det austlegaste i Norden. Det har ei lang kystlinje mot Finskebukta i sør og Bottenvika i vest. I nordvest grensar landet mot Sverige, i nord mot Noreg og i aust mot Russland. Øyriket Åland ligg om lag halvveges mellom det svenske og det finske fastlandet. Langs kysten, særleg i sørvest, har Finland ein skjergard med mange større og mindre øyar.

 

Storparten av Finland er lågland, men i nord er det hovudsakleg høgland. Det høgaste fjellet er Halti i Lappland, med ei høgd på 1324 meter. Finland blir kalla «Dei tusen sjøars land». Innsjøar og vassdrag dekkjer kring ein tidel av det totale arealet. Den største innsjøen er Saimaa, som medrekna alle tilknytte sjøområde utgjer kring 4400 km2. Den lengste elva i Finland er Kemijoki (552 km), som munnar ut i Bottenvika. Omkring ein tredel av Finland ligg nord for Polarsirkelen.

Finland blir kalla «Dei tusen sjøars land». Innsjøar og vassdrag dekkjer kring ein tidel av det totale arealet. Den største innsjøen er Saimaa. Foto: Maaseutukuriiri Viestintähanke, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Finland blir kalla «Dei tusen sjøars land». Den største innsjøen er Saimaa, som vi her ser deler av. Foto: Maaseutukuriiri Viestintähanke, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Miljø, klima og energi

Finland er eit gamalt landskap i geologisk forstand. Heile landet høyrer til det fennoskandiske grunnfjellsskjoldet, og dei fleste bergartane er frå prekambrium (4600–542 millionar år sidan). Havet dekte store delar av Finland mot slutten av den siste istida. Mykje av topografien er utforma av isbreane, takka vere breelvane og avleiringar i havet.

 

Ålandsøyane og delar av den finske sørkysten har eit fuktig kystklima, medan vestkysten er tørrare enn innlandet i aust. Mest nedbør fell det om sommaren, medan våren vanlegvis er tørr, ikkje minst langs kysten. Lappland i nord har kalde vintrar, med minimumstemperaturar ned mot 50 minusgrader og dessutan meir snø enn områda lenger sør. Hamnene langs Austersjøen frys til også i milde vintrar.

 

Kring 72 % av landjorda i Finland er dekt av skog. Landet ligg innanfor taigabeltet, noko som inneber at barskogen dominerer, med 50 % furu og 40 % gran. I ei sone nord for taigabeltet veks det bjørkeskog. Lengst nord i landet finn vi trelause heiar, der dvergbjørk og vier dominerer vegetasjonen. I kystområda veks varmekjære lauvtre som eik, lind, lønn, alm, ask og hassel. Finland er svært rik på våtmarker, men mange av dei opphavlege myrane er i dag oppdyrka, særleg i sør.

 

Dyrelivet i Finland har mange fellestrekk med det norske og svenske. Tidlegare var villrein vanleg i det meste av landet, men er no utrydda. Store rovdyr som bjørn, jerv, ulv og gaupe er sjeldne, medan raudrev, røyskatt og snømus er vanlege. Også elgen har stor utbreiing, rådyr og hjort i mindre grad. I nyare tid er det innført fleire artar, til dømes villsvin og mink. I innsjøen Saimaa lever ringsel, medan det i Bottenvika finst både gråsel og ringsel. Dei vanlegaste fiskeslaga i ferskvatn er gjedde, åbor, laks, røye, karpe og sik. Særleg Ålandsøyane har eit rikt fugleliv, og samla sett er det observert meir enn 350 fugleartar i Finland. I skogane lever mellom anna storfugl, orrfugl, ugler og spetter.

 

Litt over ein tredel av energiforbruket i Finland er basert på fossilt brensel (olje, kol og naturgass) som må importerast. Kring 30 % av energien kjem frå biobrensel (ved og torv) og 18 % frå kjernekraftverk. Vasskrafta i landet er stort sett fullt utbygd, medan vindkraft er lite utvikla. Bruken av fornybare energikjelder har auka noko dei siste åra, frå 27 % i 2010 til 34 % i 2016. Elektrisitetsforbruket auka fram til 2007, men har dei siste åra lege stabilt. CO2-utsleppa har falle kraftig sidan byrjinga av 2000-talet.

 

Finland har store område med villmark, og det finst ei rekkje nasjonalparkar og naturreservat. Tilveksten i skogane er større enn hogsten. Innsjøane i landet er grunne og sårbare, like fullt er vatnet i 80 % av dei av god eller utmerkt kvalitet. Verre står det til med Austersjøen, som tek imot utslepp frå landbruk, busetnad og industri i ei rekkje land. Dei økologiske problema i dette innhavet omfattar algeoppblomstringar, fiskedød og store livlause område på havbotnen. Når det gjeld ureining til luft, har det skjedd store framsteg i dei seinare åra. Til dømes blei utslepp av bly frå industrien redusert frå meir enn tusen tonn årleg tidleg i 1980-åra til berre 20 tonn på 2000-talet.

Finland har store område med villmark, og det finst ei rekkje nasjonalparkar og naturreservat. Her frå Repovesi nasjonalpark i Kouvola søraust i Finland. Foto: Jyrki Salmi (2017), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Finland har store område med villmark, og det finst ei rekkje nasjonalparkar og naturreservat. Her frå Repovesi nasjonalpark i Kouvola søraust i Finland. Foto: Jyrki Salmi (2017), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

 

Demografi

Folketalet i Finland var 5,5 millionar 31. desember 2016. Folketettleiken er 18,1 innbyggjarar per kvadratkilometer – høgare enn Noreg, men lågare enn i Sverige. Folk bur tettast i sørvest og nordover langs kysten, medan Lappland er svært tynt folkesett. 84 % av finnane bur i byar og tettstader. Dei fire største byane er Helsingfors/Helsinki (635 000 innbyggjarar), Esbo/Espoo (275 000), Tammerfors/Tampere (228 000) og Vanda/Vantaa (219 000).

 

Folketalet i Finland auka nokså raskt frå 1870-åra og fram til 1960-åra, trass i at mange finnar utvandra i løpet av denne perioden. Frå 1860-åra og fram til 1930-åra drog mange til Amerika. Den neste store utvandringsbølgja varte frå 1950-åra og fram til 1970-åra, då mange utvandra til Sverige, særleg frå Østerbotten og tilgrensande område i Midt-Finland. Sidan byrjinga av 1970-åra har lågare fertilitet ført til små fødselsoverskot, og folkeveksten har vore relativt låg. Folkeveksten er størst i storbyane, særleg Helsingfors-regionen, medan til dømes Lappland har nedgang i folketalet.

 

Finske kvinner føder i gjennomsnitt 1,6 barn. Den forventa levealderen i 2015 var 78 år for menn og 84 år for kvinner. Det blir stadig fleire eldre i Finland. Ein reknar med at prosentdelen av finnar som er 65 år eller eldre, vil auke frå 23 % i 2020 til 29 % i 2060. I same perioden vil gruppa som er 14 år eller yngre, minke frå 16 til 14 %.

 

Gjennom dei siste tiåra har innvandringa auka ein del, trass i Finland sin strenge innvandringspolitikk. I 2016 var 4,4 % av innbyggjarane i landet utlendingar. Dei største gruppene med andre statsborgarskap kjem frå Estland, Russland, Irak, Kina og Sverige.

 

Samfunnsorganisasjon

Finland er ein parlamentarisk-demokratisk republikk, med ein president som statsoverhovud. Presidenten er den øvste utøvande makta i landet, med ei rekkje fullmakter, på linje med styresettet i Frankrike. Riksdagen (Eduskunta) er den øvste lovgivande forsamlinga i Finland, med 200 medlemer. Regjeringa utgår frå Riksdagen og blir leidd av ein statsminister. Presidenten kan forkaste, revidere eller la vere å stadfeste lover vedtekne av Riksdagen. Presidenten har òg høve til å oppløyse Riksdagen og skrive ut nyval. Men etter at den kalde krigen tok slutt, har dei finske presidentane spela ei mindre sentral rolle, og Riksdagen og regjeringa har fått meir makt.

 

Finland si forfatning byggjer på fleire grunnleggjande lover, mellom anna regjeringsforma av 1919 og riksdagsordninga av 1928. Forfatninga blei sist revidert i 2000. Presidenten blir vald i direkte val for seks år om gongen, og kan veljast opp att éin gong. Dersom ingen av kandidatane får minst halvparten av røystene, skal det haldast ny valomgang mellom dei to kandidatane som fekk flest røyster ved den første valomgangen. Riksdagen blir vald for fire år om gongen ved forholdstalsval. Røysterettsalderen er 18 år og sperregrensa 3 %. Valdeltakinga i Finland er den lågaste i Norden og har lege på kring 70 % ved dei siste riksdagsvala.

 

Partifloraen i Finland minner mykje om den vi finn i andre nordiske land, samtidig som det finst ein del særtrekk. Det finske Senterpartiet har spela ei sentral rolle i politikken i etterkrigstida og er det partiet som har vore lengst i regjering. Partiet er medlem i Den liberale internasjonale, men har sitt utspring i bonderørsla. På høgresida dominerer det liberalkonservative Samlingspartiet, som er sterkt pro-europeisk. Sosialdemokratane er størst på venstresida, der vi også finn Venstreforbundet, som er ei samling av tidlegare venstreparti og kommunistparti. Sannfinnane er eit relativt nytt parti som har vakse til å bli det tredje største. Sannfinnane fører ein EU-kritisk og nasjonalistisk politikk. Finland har også eit forholdsvis stort grønt parti, som har vore med i regjering. I det finske politiske systemet er det lange tradisjonar for fleirtalsregjeringar. Sidan 2015 har Senterpartiet, Samlingspartiet og Sannfinnane sete i ei koalisjonsregjering.

Timo Soini frå partiet Sannfinnane i Finland. Foto frå 2015. Foto: Ulkoministeriö, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Timo Soini frå partiet Sannfinnane i Finland. Foto frå 2015. Foto: Ulkoministeriö, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Finland er delt inn i 19 landskap og 311 kommunar. Lokalstyret i Finland er grunnlovsfesta, og kommunane har ansvar for ei rekkje basistenester, til dømes visse utdanningar, sosial- og helsestell og tekniske tenester. Sidan 2002 har det skjedd ei rekkje samanslåingar, slik at talet på kommunar har gått ned frå 448 til 311. Landskapa blir leidde av landskapsforbund, som ber meir preg av å vere ein interkommunal organisasjon enn eit administrativt nivå. Leiarane for landskapsforbunda er ikkje direktevalde, men blir utpeikte av medlemskommunane. Finland har såleis berre to folkevalde nivå, mot tre i Noreg.

 

Det finske rettsstellet er i stor grad bygd på svensk mønster. Domstolane er organiserte i tre nivå – tingretten, hovretten og Høgsterett. Det finst også eigne forvaltningsdomstolar og ei rekkje spesialdomstolar. Dommarane blir utnemnde av presidenten og kan ikkje avsetjast. I visse typar saker er lekdommarar med.

 

Det finske forsvaret er organisert i flyvåpen, hær og marine, med ein felles forsvarssjef, som er direkte underordna presidenten. I tillegg finst det ei eiga grensevakt, som ligg under innanriksdepartementet. Det er allmenn verneplikt for menn. Finland er blant dei landa i verda med høgast deltaking i militærtenesta – kring 80 % av finske menn fullfører tenesta. Landet er ikkje medlem av Nato, men har eit nært samarbeid med organisasjonen og har vore med i fleire Nato-leidde operasjonar i utlandet.

Grensevakter i den finske kystvakta, 1978. Foto: Merivartiomuseo Kotka (Kystvaktsmuseet), Flickr.com CC BY 2.0.

Grensevakter i den finske kystvakta, 1978. Foto: Merivartiomuseo Kotka (Kystvaktsmuseet), Flickr.com CC BY 2.0.

 

Språk

Landsnamnet er Suomen Tasavalta (finsk) eller Republiken Finland (svensk). Finland har to offisielle språk, finsk og svensk. Omkring 89 % av folket har finsk som morsmål, og over 9 % har det som andrespråk. Ca. 5,5 % har svensk som morsmål. Samane i Finland utgjer kring 10 000, og det finst tre ulike samiske språk i landet: enaresamisk, skoltesamisk og nordsamisk. Karelsk blir talt av kring 5000 i Finland. Nokre få tusen snakkar romani i landet, medan omkring 1000 snakkar tatarisk. I motsetnad til samisk og karelsk har dei to sistnemnde språka ingen særskild minoritetsstatus i Finland.

 

Finsk høyrer til den finsk-ugriske hovudgreina i den uralske språkfamilien. Finsk-samisk er ei av undergreinene, og denne greina deler vi i austersjøfinsk og samisk. I den austersjøfinske gruppa finn vi ved sidan av finsk også kvensk, tornedalsfinsk, karelsk, ingrisk, votisk, estisk, sørestisk, livisk og vepsisk. Finsk skriftspråk blei utvikla frå 1500-talet, og det blei likestilt med svensk i Finland i 1863.

Illustrasjon som viser den uralske språkfamilien. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

Illustrasjon som viser den uralske språkfamilien. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

 

Finsk har eit omfattande bøyingssystem, med heile 15 kasus. Grammatisk kjønn finst derimot ikkje i finsk, ordet hän tyder både 'han' og 'ho'. Ein skil heller ikkje mellom bunden og ubunden form av substantiv. Trykket ligg alltid på den første stavinga i ordet. I arbeidet med finsk språkutvikling har ein lagt stor vekt på å utvikle ordtilfanget. Ein del lånord finst likevel, både frå germanske og baltiske språk, til dømes tuoli 'stol', kaappi 'skap' og koulu 'skule'. Særleg talemålet har mange nyare lånord frå svensk.

 

På 1700- og 1800-talet var det ei stor utvandring frå bygdene i Nord-Finland til Nord-Noreg, der personar med finske røter blir kalla kvener. Kvenene er offisielt anerkjende som ein nasjonal minoritet i Noreg, og det blir undervist i kvensk på ei rekkje skular i Nord-Troms og Finnmark. Også i Sør-Noreg finst det spor etter finsk innvandring. Finnskogane i Hedmark blei på 1500- og 1600-talet busett av finnar som dreiv med svibruk, der dei dyrka rug på brent granskogmark. Finsk språk og kultur er i våre dagar nesten utdøydd her, men finst framleis i ei rekkje stadnamn.

 

På Åland snakkar omkring 94 % av folket svensk, og svensk er det einaste offisielle språket der. Resten av dei svensktalande bur for det meste langs sør- og vestkysten av Finland. 33 kommunar i Fastlands-Finland har både svensk og finsk som offisielle språk, av desse har 15 svensk som majoritetsspråk og 18 finsk. Finlandssvensk skil seg frå rikssvensk både i uttale og ordforråd. Døme på finlandismar – finlandssvenske ord – er rådda 'røre' og talko 'dugnad'.

 

Gjennom dei siste tiåra har innvandringa sett sitt preg på språkbruken i Finland. I 2016 hadde 6,4 % av folket eit anna morsmål enn finsk, svensk eller samisk. Dei største nye innvandrarspråka er russisk, estisk, arabisk og somalisk. Av dei som har engelsk som framandspråk, blir finnane rekna blant dei flinkaste i verda.

Språkarkiv ved Institutet för de inhemska språken i Helsingfors. Foto: Allkunne.

Språkarkiv ved Institutet för de inhemska språken i Helsingfors. Foto: Allkunne.

 

Levesett

Eit særtrekk ved finsk levesett er den utstrekte bruken av sauna (badstove), som har lange tradisjonar. Ein reknar med at det finst over to millionar badstover i landet, det vil seie éi for kvar tredje finne. Å gå i sauna blir rekna som ei reinsing, både kroppsleg og psykisk. Det er ikkje uvanleg at menn og kvinner går i saunaen saman. Utlendingar på besøk blir ofte inviterte med, til dømes etter forretningsforhandlingar eller ved liknande høve.

Finsk sauna. Foto: Visit Finland (2012), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Finsk sauna. Foto: Visit Finland (2012), Flickr.com CC BY-NC 2.0. 

 

Dei finske mattradisjonane har fått impulsar både frå aust og vest, samtidig som dei er prega av dei naturressursane som finst i landet. Kjøt frå vilt som elg, rådyr, and og hare er populært, det same gjeld ferskvassfisk og ulike bær, ikkje minst molte. Blant dei tradisjonelle finske rettane kan nemnast karelske pirogar (karjalanpiirakka), kålrulettar (kaalikääryleet) og innbakt fisk (kalakukko). I juletida er julebord populært, liksom i Sverige – ein buffé med rettar som juleskinke, kjøtbollar og sild. Måltidsmønsteret er mykje likt det norske, med fire hovudmåltid: frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Finske barn får servert gratis, varm lunsj på skulen.

Ei kvinne lagar matretten kalakukko, innbakt fisk i brød. Foto: Visit Lakeland (2016), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Ei kvinne lagar matretten kalakukko, innbakt fisk i brød. Foto: Visit Lakeland (2016), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

 

Finnane har det høgaste forbruket av alkohol av dei nordiske landa, men dei siste åra har forbruket gått ned og ligg på knapt 11 liter per person over 15 år (tal frå 2015). Også alkoholrelaterte dødsfall er redusert mykje sidan 2007.

 

Finland har ein skilsmisserate på 2,5 årleg per 1000 innbyggjarar (tal frå 2014), noko som ikkje er spesielt høgt eller lågt til å vere i den vestlege verda (raten i Noreg var 2,1 på same tid). Giftarmålsraten er på 4,5 per 1000 innbyggjarar (Noreg 4,6), så meir enn annakvart ekteskap går i oppløysing. I Finland blir det årleg utført 8 abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år, omkring 50 % færre enn i Noreg. Aborttala har vore fallande dei siste åra.

 

Finske barn har lovfesta rett til barnehageplass, men det blir òg gitt tilbod om kontantstøtte. Berre 68 % av treåringane og 74 % av fireåringane i Finland går i barnehage, mot over 90 % i Noreg, Sverige og Danmark (tal frå 2014).

 

Kultur, kunst og idrett

I 2014 hadde Finland 43 dagsaviser (4–7 utgåver i veka) og 136 aviser som kom ut sjeldnare (1–3 utgåver i veka), med eit samla opplag på 2,2 millionar. Dei største avisene er Helsingin Sanomat (Helsingfors), Ilta-Sanomat (Helsingfors), Aamulehti (Tammerfors) og Turun Sanomat (Åbo). Den største svenskspråklege avisa er Hufvudstadsbladet (Helsingfors).

 

Finsk presse fekk eit gjennombrot i 1860-åra og var lenge prega av skiljelinene mellom svenske og finske språkgrupper. Tidleg på 1900-talet tok partiavisene til å vinne fram, og med Finland si frigjering i 1918 blei det innført full pressefridom. Regulære radiosendingar kom i gang i 1926 og fjernsynssendingar i 1957. Finland har heilt sidan starten hatt fjernsynsreklame. Det statseigde medieselskapet YLE har sendingar både på finsk, svensk og samisk.

 

Finsk litteratur er tospråkleg. Svensk var det dominerande skriftspråket så lenge Finland låg under svensk herredøme. Dei første finskspråklege bøkene kom etter reformasjonen, og Bibelen kom ut på finsk i 1642. Etter at Sverige tapte Finland til Russland i 1809, fekk finsk ein viktigare posisjon. 1800-talet var prega av nasjonsbygging, der språk og litteratur spela ei sentral rolle.

 

I finsk litteraturhistorie spelar folkediktinga ei viktig rolle. Eit sentralt tema er segner om heltar og korleis jorda og elden blei til. Munnlege tradisjonar på vers blei innsamla og nedskrivne gjennom første delen av 1800-talet, og med basis i dette materialet gav Elias Lönnrot ut Kalevala i 1849. Dette verket blir rekna som Finlands nasjonalepos og har hatt stor innverknad på finsk kunst og litteratur. Kalevala er omsett til 59 språk.

Portrett av Elias Lönnrot på sine eldre dagar. Ukjent år og fotograf. Foto: Gallen-Kallelan Museo, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.

Portrett av Elias Lönnrot på sine eldre dagar. Ukjent år og fotograf. Foto: Gallen-Kallelan Museo, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.

 

I 1860 blei ei lov som tillét berre litteratur av religiøs eller økonomisk karakter på finsk, oppheva. Dette førte til ei bløming i kulturlivet. I 1870 kom den første finskspråklege romanen, Sju brør, av Aleksis Kivi.

 

Nyare finsk litteratur er mangfaldig, men realisme knytt til humor og satire er likevel eit utbreidd fellestrekk. Väinö Linna vann stor popularitet, særleg med Ukjend soldat, som tek utgangspunkt i andre verdskrigen. Arto Paasilinna sine romanar reflekterer finsk daglegliv, ofte frå ein middelaldrande mann sitt perspektiv. Sofi Oksanen sin forfattarskap spinn rundt postsovjetisk kvinneidentitet, og bøkene hennar er omsette til fleire titals språk. I 2010 fekk ho Nordisk råds litteraturpris for romanen Utrensking. Av finlandssvenske forfattarar blir Edith Södergran rekna som ein av Nordens fremste modernistar, medan Tove Jansson har vunne stor internasjonal popularitet med bøkene om Mummitrollet. Märtha Tikkanen har vore ein sentral samtidsforfattar sidan 1970-åra.

Tove Jansson. Fotoet skal vere frå ein av bursdagane hennar, men det er ikkje opplyst årstal. Foto: Per Olov Jansson. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Tove Jansson. Fotoet skal vere frå ein av bursdagane hennar, men det er ikkje opplyst årstal. Foto: Per Olov Jansson. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

 

I finsk folkemusikk spelar sjaman-songar ei viktig rolle. Slike songar, som også blir kalla runesongar, har eit toneomfang som ikkje er større enn ein kvint. Melodiane kan spelast på kantele, ein fem-strengers sitartype som har status som Finlands nasjonalinstrument. Det er samla inn og gitt ut mange tusen finske runesongar og folkeviser.

 

Nyare songtradisjon og kunstmusikk i Finland er sterkt influert av svensk musikkliv. Komponisten Jean Sibelius har fått rolla som finsk nasjonalikon, og det patriotiske tonediktet Finlandia blir spela over heile verda. Av moderne danseformer er tango blitt svært populært i Finland. Finsk tango har utvikla ein særeigen mollstil, som blir heidra mellom anna ved den årlege tangofestivalen i Seinäjoki, ein av dei viktigaste musikkfestivalane i landet. Gruppa Leningrad Cowboys, som framfører gamle rockeklassikarar, har fått kultstatus i mange land. Isac Elliot Lundén er ein popsongar som er blitt svært populær internasjonalt dei siste åra.

 

Finsk film hadde ei blomstringstid i 1950- og 60-åra, med Erik Blomberg og Edvin Laine som leiande regissørar. Dei siste åra er det særleg brørne Aki og Mika Kaurismäki som har sett Finland på det internasjonale filmkartet, med underfundige og humoristiske filmar som La Vie de bohème og Mannen utan minne.

 

På same måten som litteraturen er finsk scenekunst språkleg delt. Medan det profesjonelle finlandssvenske teateret har opphavet sitt i borgarleg teater, som det norske, er den finskspråklege scenekunsten i større grad prega av arbeidarteaterrørsla. I 1860 opna Svenska Teatern i Helsingfors. Tolv år seinare blei det første profesjonelle finskspråklege teateret etablert. I nyare tid har finsk amatørteater fått ein sterk internasjonal posisjon. Det er også bygd ut ei rekkje regionteater i Finland, gjennom samarbeid mellom profesjonelle og amatørar.

 

Finsk arkitektur og design har hatt stor innverknad utanfor landegrensene. Alvar Aalto teikna funksjonalistiske bygg både i USA, Sverige, Sveits og Iran, og blei dessutan berømt som formgivar, særleg innanfor glasdesign. Blant andre framståande finske designarar er Aino Aalto, Eero Aarnio, Kaj Franck, Maija Isola, Harri Koskinen og Tapio Wirkkala. Kjende finske designmerkevarer omfattar mellom anna Marimekko, Fiskars og Iittala.

Foto frå inne i Aalto-huset, Alvar og Aino Aalto sin heim i Helsingfors, som er open for publikum. Foto: Stina Aasen Lødemel / Allkunne.

Foto frå inne i Aalto-huset, Alvar og Aino Aalto sin heim i Helsingfors, som er open for publikum. Foto: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. 

 

Vinteridrettar som skisport og ishockey er spesielt populære i Finland. Blant dei største finske vinteridrettsstjernene er langrennsløparane Juha Mieto, Mika Myllylä, Harri Kirvesniemi, Marja-Liisa Kirvesniemi og Marjo Matikainen, og kombinertløparen Sampa Lajunen. Matti Nykänen dominerte internasjonal skihopping i 1980-åra, det same gjorde Janne Ahonen på 2000-talet. Det finske landslaget har vunne VM i ishockey to gonger, i 1995 og 2011. Teemu Selänne er ei av dei største stjernene, med tittel som årets finske ishockeyspelar heile ni gonger. I sommaridrettar har finnane hevda seg godt særleg innanfor spydkasting og rallykøyring. Dei siste åra har Kimi Räikkönen gjort det svært godt i Formel 1-klassa. Helsingfors arrangerte sommar-OL i 1952. Lahti er ein kjend vintersportsstad, som har arrangert ski-VM sju gonger.

Helsingfors Olympiastadion, med OL-ringane og årstalet 1952. Foto: Adam Burt, Flickr.com CC BY-ND 2.0,

Helsingfors Olympiastadion, med OL-ringane og årstalet 1952. Foto: Adam Burt, Flickr.com CC BY-ND 2.0,

 

Næringsliv

Skogindustrien spelar ei sentral rolle i finsk økonomi. Produkt frå skogindustrien er den viktigaste eksportgreina, og produksjon av papir og papirprodukt står for nesten 10 % av verdiskapinga i finsk industri (tal frå 2015). Den største industrigreina i dag er likevel produksjon av maskiner og maskinelt utstyr. Det finske konsernet Nokia er eit industrielt lokomotiv innanfor telekommunikasjon og elektronikk. Nokia var tidleg på 2000-talet den største produsenten i verda av mobiltelefonar, men blei seinare forbigått av Apple og Android i teknologiutviklinga. Finland er framleis rangert heilt i verdstoppen når det gjeld innovasjon innanfor digitaløkonomien.

Finske Nokia var tidleg på 2000-talet den største produsenten i verda av mobiltelefonar, men blei seinare forbigått av Apple og Android i teknologiutviklinga. Nokia 3310 var ein av dei populære modellane tidleg på 2000-talet, saman med ei rekkje andre modellar i Nokia sin 3000-serie. I 2017 vart Nokia 3310 relansert i ei moderne utgåve. Foto: Kārlis Dambrāns, Flickr.com CC BY 2.0.

Finske Nokia var tidleg på 2000-talet den største produsenten i verda av mobiltelefonar, men blei seinare forbigått av Apple og Android i teknologiutviklinga. Nokia 3310 var ein av dei populære modellane tidleg på 2000-talet, saman med ei rekkje andre modellar i Nokia sin 3000-serie. I 2017 vart Nokia 3310 relansert i ei moderne utgåve. Foto: Kārlis Dambrāns, Flickr.com CC BY 2.0.

 

Landbruket i Finland er prega av at landet ligg langt mot nord og har klimamessige utfordringar. Åkerdyrking står likevel for to tredelar av produksjonen. Dei siste åra er det blitt færre og større gardar i Finland, slik som i Noreg. Av tømmer blir det hogd 54 millionar kubikkmeter årleg (mot 10 millionar i Noreg). Fiskeria spelar lita rolle i Finland.

 

Tenesteytande næringar har lenge vore i vekst og sysselset kring 74 % av arbeidsstokken, mot 4 % i primærnæringane og 22 % i industrien.

 

Økonomisk og sosial utvikling

BNP ligg på 42 403 US dollar per innbyggjar (tal frå Verdsbanken 2015), noko som plasserer Finland som det 17. rikaste landet i verda. Rikdomen er relativt jamt fordelt, og landet ligg såleis lågt på den såkalla Gini-indeksen, som måler fordelinga av velferd (27,1), men litt høgare enn Noreg (25,9). Dei rikaste 10 % av finnane står for 22,3 % av inntektene, medan dei fattigaste 10 % står for 3,9 %. Arbeidsløysa har bite seg fast på eit høgt nivå og låg i mars 2017 på 9,6 %. For ungdom i alderen 15–24 år var arbeidsløysa meir enn dobbelt så høg (20 %).

 

Finland har ein blandingsøkonomi med innslag både av fritt marknadssystem og offentleg verksemd. Som i dei andre nordiske landa har økonomien gått igjennom ei liberalisering sidan 1980-åra. Skattenivået er blant dei høgaste i Europa.

 

Finland har høgare drapsfrekvens enn noko anna vesteuropeisk land. Også når det gjeld overfall, innbrot og valdtekt kjem landet dårleg ut på statistikken, medan det er relativt lite av ran og kidnapping. Finland er rangert på tredjeplass av landa i verda med minst korrupsjon.

 

Ein reknar med at kvar femte finne har prøvd cannabis. Det finst mellom 18 000 og 30 000 menneske i landet som misbruker ulike typar amfetamin eller opioid (tal frå 2012). Talet på narkotikarelaterte dødsfall auka lenge i Finland, men dei siste åra har trenden snudd.

 

Finland har ein omfattande velferdsstat, med offentlege ytingar til mellom anna helsetenester, sjuketrygd, arbeidsløysetrygd, fødselspengar og pensjonar. Under den økonomiske krisa gjennom dei siste åra har mange av desse ordningane vore under press. I 2017 sette styresmaktene i gang eit forsøk med borgarløn for sosialklientar. Ordninga er innretta slik at ein får behalde ei minsteinntekt same kor mykje ein arbeider.

 

Kyrkje og religion

Det er to statskyrkjer i Finland: Den evangelisk-lutherske kyrkja, som om lag 72 % av folket soknar til, og den gresk-ortodokse kyrkja (1,1 %). Om lag 1 % høyrer til andre kyrkjesamfunn. Stadig fleire finnar står utan tilknyting til noko kyrkjesamfunn eller religion – prosentdelen auka frå 13 % av folket i 2000 til 25 % i 2016.

 

Den nest største religionen i Finland er islam. I 2016 var om lag 0,8 % av finnane muslimar, noko som er lite samanlikna med dei fleste andre landa i Vest-Europa. Samtidig har Finland den eldste muslimske minoriteten i Norden, nemleg finlandstatarane. Dei etablerte sitt eige religionssamfunn i 1925.

Helsingfors domkyrkje. Foto: Jennifer Woodard Maderazo (2011), Flickr.com CC BY 2.0.

Helsingfors domkyrkje. Foto: Jennifer Woodard Maderazo (2011), Flickr.com CC BY 2.0.

 

Historie

Dei eldste sikre spora etter menneske i Finland er nokre buplassar sør i landet som kan vere 8000–10 000 år gamle, frå då den siste istida gjekk mot slutten. I den såkalla Ulvegrotta ved Kristinestad er det gjort funn som enkelte meiner er 120 000–130 000 år gamle, men dette er omstridd blant arkeologar. I yngre steinalder (ca. 4000–1700 f.Kr.) tok ein til med jordbruk og husdyrhald på finsk område, men fangst og sanking spela ei viktig rolle til heilt inn i jernalderen.

 

Funn frå bronsealderen (ca. 1700–500 f.Kr.) viser at kystområda i Finland fekk kulturimpulsane sine hovudsakleg vestfrå, medan innlandet hadde mange fellestrekk med Nordaust-Russland. Til dømes er det i det sistnemnde området funne leirkar med avtrykk av grove tekstilar og hovudskulpturar av stein, forma som køller. I den seinare delen av bronsealderen veit vi at folk i Finland budde i hus. Somme stader er det funne hustufter som er runde.

 

Frå eldre delar av jarnalderen (500 f.Kr.–550 e.Kr.) er det gjort få funn, men frå slutten av denne perioden og seinare (frå ca. 250 e.Kr.) blir funnrikdomen mykje større. Tre område har vore senter for busetnadsekspansjonen i denne tida, nemleg det sørvestlege kystområdet, Tavastland og det sørlige Pohjanmaa. Merovingartida (550–800) var ei blomstringstid for den finske jarnalderkulturen, med avansert smedhandverk. I denne tida kom kulturimpulsane til landet hovudsakleg vestfrå, særleg frå Gotland og Aust-Sverige. Vikingtida er derimot fattigare på funn, og Finland skil seg såleis frå nabolanda sine i vest. Korleis finsk språk har utvikla og spreidd seg, er mykje omdiskutert blant forskarar, då det finst svært få samtidige kjelder som kan kaste lys over dette spørsmålet.

 

Kristendomen kom relativt seint til Finland og blei utbreidd i sørvest i løpet av 1000- og 1100-talet, i Karelen på 1200-talet. Den første bispestolen blei oppretta i Åbo i 1209. Frå midten av 1100-talet opplevde finnane ekspansjon utanfrå både av svenskar, danskar, karelarar og russarar. Etter kvart blei svenskane dominerande, særleg etter krosstoget til Birger jarl i 1249. Frå slutten av hundreåret støytte svenskar og russarar saman i Karelen. Etter freden i Pähkinäsaari (Nöteborg) i 1323 låg Finland under den svenske kongemakta, og den katolske kyrkja hadde fått styrkt stillinga si. Samfunnsstyre og rettsstell blei bygd opp etter svensk mønster, og frå 1362 fekk finnane ta del i det svenske kongevalet. Karelen heldt derimot fram med å vere eit omstridd grenseområde mellom russarar og svenskar. Mot slutten av 1400-talet herska det krigstilstand, men den svenske festninga i Viborg heldt stand mot fienden, og ved freden i Novgorod i 1497 blei dei eksisterande grensene stadfesta.

 

Finland følgde Sverige inn i Kalmarunionen i 1389 og ut att av unionen i 1523. Kyrkja i Finland blei liksom i Sverige reformert etter riksdagen i Västerås i 1527. Biskopen i Åbo, Mikael Agricola, publiserte dei første bøkene på finsk i 1540- og 50-åra, mellom dei Det nye testamentet. Han la dermed grunnlaget for finsk som skriftspråk.

 

Første delen av 1500-talet innebar ein storstilt ekspansjonsperiode i Finland, med kolonisering av tidlegare ubygde område. I 1550 blei Helsingfors grunnlagd, for å fremje handel og skipsfart. Slutten av hundreåret var derimot ei uroleg tid. Adelen fekk stadig meir makt, noko som førte til misnøye blant bøndene, og fleire opprør følgde. Eit av dei mest kjende er Klubbekrigen (1596–97), som fekk namnet sitt på grunnn av at bøndene mellom anna nytta klubber, men opprøret blei slått ned av styresmaktene.

 

1600-talet innebar ei langvarig fredstid for Finland, med ei gunstig økonomisk og kulturell utvikling. Fleire nye byar blei grunnlagde, og utdanningssystemet blei styrkt, mellom anna ved at Finland fekk sitt første universitet, Kungliga Akademien i Åbo, i 1640. Etter ein periode med sterk sentralstyring frå Stockholm fekk Finland sin eigen generalguvernør i 1637. Käkisalmi (Kexholms län) blei innlemma i Finland etter ein fredsavtale med Russland i 1617. Då russarane prøvde å invadere Finland i 1650-åra, stod finnane imot, men storparten av dei greskortodokse innbyggjarane i Käkisalmi blei drepne eller fordrivne.

 

Finland blei ramma av fleire uår i 1690-åra, og ein reknar med at ein firedel av folket døydde. Landet stod dermed dårleg rusta då det blei kasta inn i Den store nordiske krigen (1700–21), der Sverige og Russland stod på kvar si side. Russarane erobra heile Finland, og tsaren gjekk i land i Helsingfors i 1713. Krigen enda med at Sverige måtte avstå Käkisalmi og byen Viipuri med omland til Russland. I 1741–43 utkjempa svenskar og russarar nok ein krig som førte til russiske erobringar i aust.

 

Napoleonskrigane skulle føre til ei stor omvelting for Finland. Ved freden i Tilsit i 1807, mellom den russiske tsaren og Napoleon, forplikta tsaren seg til å angripe Sverige dersom landet ikkje braut sambandet med England. Russiske troppar rykte inn i Finland vinteren 1808, og ved ein fredsavtale året etter måtte Sverige avstå heile Finland til Russland. Finland blei frå no av eit russisk storfyrstedøme, styrt av generalguvernørar. Helsingfors blei utpeikt til hovudstad i 1812.

 

Tsar Nikolai 1. (1825–55) køyrde ei stram linje overfor Finland. Ein eigen kommisjon for finske saker var blitt oppretta i 1811, men blei oppløyst i 1826. Sensur blei innført i 1829, og trykking av bøker på finsk – med unntak av økonomisk og religiøs litteratur – blei forbode i 1850. Like fullt blomstra kulturlivet og økonomien i Finland i denne tida. Nasjonen fekk sitt eige litteraturselskap i 1829. Det blei oppretta nye industrihøgskular, og Saimaakanalen blei fullført i 1856.

Portrett av tsar Nikolai 1. Måleri av Horace Vernet, måla i Frankrike rundt 1830. Eigar: Eremitasjen, St. Petersburg i Russland. Kjelde: Eremitasjen (arthermitage.org). Falle i det fri.

Portrett av tsar Nikolai 1. Måleri av Horace Vernet, måla i Frankrike rundt 1830. Eigar: Eremitasjen, St. Petersburg i Russland. Kjelde: Eremitasjen (arthermitage.org). Falle i det fri. 

 

Under Krimkrigen blei finske hamner og festningar i Austersjøen angripne av vestmaktene. Etter krigen blei Åland demilitarisert, og Russland måtte forplikte seg til ikkje å byggje festningar der. No følgde ei tid med mange indre reformer i Finland. I 1863 blei finsk språk likestilt med svensk, noko som la grunnen for striden mellom svekomanane og fennomanane. Same året kom Landdagen saman for første gong sidan 1809. Allmenn verneplikt blei innført i 1878 og næringsfridom året etter.

 

I 1881 overtok den meir konservative Aleksander 3. tsartrona. Det følgde no ei reaksjonær tid, der dei russiske styresmaktene prøvde å slå ned den finske kampen for sjølvstende. Nikolai 2. vidareførte denne politikken og sette inn den russiske generalen Nikolai Bobrikov som generalguvernør i 1898. Pressesensuren blei skjerpa og forsamlingsfridomen innskrenka, og den finske hæren blei sett til side og erstatta med det russiske militærsystemet. Styresmaktene førebudde også russifisering av skulane og embetsverket. Dette førte til opprørstendensar i Finland og bana vegen for radikale politiske krefter. Bobrikov fekk diktatoriske fullmakter i 1903, men døydde etter eit attentat året etter.

 

Revolusjonen i Russland i 1905 spreidde seg til Finland, og generalguvernøren blei tvinga til å gå av. Den tidlegare landsforviste Leo Mechelin gjekk i brodden for å skipe ei ny landdagsordning. Denne ordninga blei sett i verk i 1906 og baserte seg på forholdstalsval og allmenn stemmerett for begge kjønn. Russiske styresmakter såg med sterk uvilje på denne utviklinga og heldt fram med russifiseringspolitikken. Russarar fekk dei same rettane som finske borgarar i Finland, og Landdagen blei oppløyst fleire gonger. Finske embetsmenn blei arresterte, og i staden tok ein til å setje inn russarar.

Kvinner i Helsingfors, ca. 1906. Pi og Ulla Berg, Pa Nyberg og Elsa Berg på ein benk i Helsingfors rundt 1906. Foto: Frans Nyberg, kjelde: The Society of Swedish Literature in Finland, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.

Kvinner i Helsingfors, ca. 1906. Pi og Ulla Berg, Pa Nyberg og Elsa Berg på ein benk i Helsingfors rundt 1906. Foto: Frans Nyberg, kjelde: The Society of Swedish Literature in Finland, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.

 

Den russiske oktoberrevolusjonen i 1917 fekk store følgjer for Finland. Den finske Riksdagen erklærte sjølvstende 6. desember 1917, noko som blei godkjent av den russiske bolsjevikregjeringa 31. desember. No braut det ut regulær krig mellom dei finske sosialistane, også kalla dei raude, og den borgarlege sida, dei kvite. Dei raude ønskte ein tilsvarande revolusjon som den i Russland, medan dei kvite ville forhindre det. Den borgarlege regjeringa med base i Vasa starta eit felttog for å vinne styringa over heile landet. Dei radikale sosialistane danna på si side ein eigen hær og tok kontroll over Helsingfors og fleire større byar i Sør-Finland, men måtte gi tapt for dei kvite, som hadde støtte frå tyske troppar. 19. mai 1918 invaderte dei kvite Helsingfors, under leiing av general Carl Gustaf Mannerheim. Den finske borgarkrigen kosta kring 40 000 livet og skapte djupe skiljeliner i det finske samfunnet.

I samband med Finland si 100-årsfeiring i 2017 som sjølvstendig stat vart også finske borgarar falne i krig minte. Foto frå Hietaniemi gravlund, der det er plassert æresvakter på den militære gravstaden. Foto: © Valtioneuvoston kanslia, FinnishGovernment på Flickr.com. Fri til redaksjonell bruk.

I samband med Finland si 100-årsfeiring i 2017 som sjølvstendig stat vart også finske borgarar falne i krig minte. Foto frå Hietaniemi gravlund, der det er plassert æresvakter på den militære gravstaden. Foto: © Valtioneuvoston kanslia, FinnishGovernment på Flickr.com. Fri til redaksjonell bruk, sjå vilkår

 

Dei borgarlege ønskte at Finland skulle bli kongedøme, men planen mislukkast. I staden overtok Mannerheim som statssjef i overgangstida, før Riksdagen i 1919 vedtok ei ny forfatning som gjorde Finland til republikk. Skiftande borgarlege koalisjonsregjeringar dominerte i mellomkrigstida, liksom i Noreg. Unntaket var Väinö Tanner si sosialdemokratiske regjering i 1926–27. Det finske kommunistpartiet var forbode og måtte drive verksemda si på illegalt vis. Finland blei hardt råka av den økonomiske verdskrisa i 1929–33. I desse åra oppstod den antikommunistiske og fascistprega Lappo-rørsla. Tilhengjarane samla i 1932 væpna styrkar og truga med å gjere statskupp, men det blei forhindra.

 

Finland stod som medlem av Folkeforbundet og hevda saman med dei andre nordiske landa ein internasjonal nøytralitetspolitikk i 1930-åra. Men ikkje-angrepspakta mellom Tyskland og Sovjetunionen frå 1939 sette finnane i ei vanskeleg stilling. Sovjetunionen tok no til å stille ei rekkje krav til den finske regjeringa, og 30. november same året gjekk sovjetiske troppar til åtak mot Finland. Under vinterkrigen, som varte fram til 12. mars 1940, greidde finske styrkar fleire gonger å stoppe den overlegne fienden. Finnane fekk også sterk humanitær støtte frå dei andre nordiske landa, men måtte til slutt be om fred. Ved fredsavtalen måtte Finland avstå store område.

 

Den finske regjeringa tok no til å orientere seg meir mot Tyskland, og ved det tyske angrepet mot Sovjetunionen slutta finske troppar seg til og gjekk over den sovjetiske grensa for å vinne att dei tapte områda. Under denne såkalla framhaldskrigen nådde Finland raskt dei gamle grensene sine på alle punkt, men framrykkinga heldt fram vidare mot aust, noko som skapte lite glede hos Sovjetunionen sine allierte i vest. Etter at krigslukka snudde i 1943–44, kom finnane på defensiven, og dei måtte forhandle om våpenkvile. Avtalen frå september 1944 innebar at grensene frå mars 1940, med nokre unntak, skulle gjelde, og at Finland skulle betale krigserstatning til Sovjetunionen.

 

I etterkrigstida kom Finland til å bli sterkt avhengig av Sovjetunionen både i økonomiske og utanrikspolitiske spørsmål. Dei to landa underteikna ei venskaps- og bistandspakt i 1948, som slo fast finsk nøytralitet. Under styret til Juho Kusti Paasikivi takka finnane nei til Marshallhjelp frå USA. I staden inngjekk landet nokre år seinare ein omfattande handelsavtale med naboen i aust. Også under den lange presidenttida til Urho Kekkonen (1956–82) var det eit hovudmål i finsk politikk å halde opp eit godt forhold til Sovjetunionen.

 

I 1970-åra var finsk økonomi prega av inflasjon, underskot på handelsbalansen og arbeidsløyse. For å råde bot på dette blei det mot slutten av tiåret gjennomført skattelette og fleire devalueringar av den finske valutaen (mark). Tiltaka hjelpte på kort sikt, men 1980-åra var likevel prega av store svingingar i økonomien, og etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 blei Finland kasta ut ei dramatisk krise. Samtidig vende finnane seg meir mot vest, både politisk og økonomisk. Etter ei folkerøysting i 1994, der ja-sida fekk 57 %, melde Finland seg inn i EU.

 

Orienteringa mot vest tok etter nokre år til å vise resultat, og finsk økonomi har gjennom ei rekkje internasjonale kåringar blitt rangert som spesielt konkurransedyktig. Forteljinga om selskapet Nokia blei i ein periode dregen fram som ei eventyrleg suksesshistorie, og finsk skule blir ofte peikt ut som eit føredøme for andre land. Samtidig er Finland blant dei landa som har streva hardast etter finanskrisa. Nokia har gjennom dei siste åra gått kraftig tilbake, og arbeidsløysa har halde seg på eit høgt nivå. Finland blei i 2007 og 2008 råka av dei to verste skulemassakrane i Norden nokon gong. Dei kosta til saman 20 menneske livet.

 

Utdanning og forsking

Finske barn begynner på skulen det året dei fyller sju. Grunnskuleutdanninga varer i ni år, medan den vidaregåande skulen vanlegvis er treårig. Universiteta og høgskulane gir studentane høve til å ta bachelor- og mastergrad, slik som i Noreg. 71 % av vaksne finnar har fullført vidaregåande skule, 29 % har høgare utdanning og 1 % har forskarutdanning. Det er svært få privatskular i Finland samanlikna med mange andre land.

Barnehageborn og barnehagelærarar rundt 1910 i Helsinki. Den første barnehagen i Norden skal ha blitt starta av Hanna Rothman i 1888. Saman med Elisabeth Alander starta dei i 1892 med opplæring av det barnehagelærarar. Foto: Ebeneser -säätiö (Ebeneserstiftinga), Flickr.com CC BY 2.0.

Barnehageborn og barnehagelærarar rundt 1910 i Helsingfors. Den første barnehagen i Norden skal ha blitt starta av Hanna Rothman i 1888. Saman med Elisabeth Alander starta dei i 1892 med opplæring av det barnehagelærarar. Foto: Ebeneser -säätiö (Ebeneserstiftinga), Flickr.com CC BY 2.0. 

 

Læraryrket har høg status i Finland. For å bli lærar må ein ha fullført mastergrad. Det er kommunane som har ansvaret for å drive grunnskulane og dei vidaregåande skulane, og dei har stor fridom til lokal styring og prioritering. Det finske skulesystemet blir ofte halde fram som eit føredøme, sidan den finske skulen får så gode resultat på internasjonale målingar. Skuleforskarar trekkjer fram at den finske skulen er prega av fleksibilitet og variasjon, eit breitt kunnskapssyn og tillit til profesjonalitet. Samanlikna med norske klasserom kan finsk undervisning ofte vere meir tradisjonell, lærarstyrt og fagdelt.

 

Med 3,3 % av BNP ligg Finland på 5.‑plass i verda når det gjeld utgifter til forsking og utvikling. Finske forskarar har gått i brodden ikkje minst når det gjeld elektronikk og datateknologi. Hjartefrekvensmonitoren, pionernettlesaren Erwise, internettprotokollen IRC, operativsystemet Linux og videospelet Angry Birds er nokre av nyskapingane som er blitt utvikla av finnar.

 

Folkehelse og helsestell

Finnane har ein gjennomsnittleg levealder på over 80 år – nokre få månader meir enn den gjennomsnittlege EU-borgaren, men nokre få månader mindre enn nordmenn. Dei siste åra har det vore ein nedgang i dødsfall på grunn av hjartesjukdomar, medan fleire finnar no døyr av demens og Alzheimers sjukdom enn tidlegare. Barnedøyingstalet er lågt – 2,3 ‰ døyr før fylte fem år (2,6 ‰ i Noreg). Sjølvmordsraten er høg i Finland, men talet på sjølvmord har gått kraftig ned sidan 1990. Sjølv om alkoholinntaket har gått ned dei siste åra, er alkoholen framleis eit stort trugsmål mot folkehelsa blant finnane. Også overvekt er eit stort problem. I 2008 rekna ein med at 58 % av alle vaksne finnar var overvektige, og 23 % svært overvektige.

 

Det finske helsestellet er i hovudsak drive og finansiert av det offentlege, og alle innbyggjarar har rett til ei rekkje ulike helsetenester. Det finst ein lege for kvar 249. innbyggjar, noko som er lågt samanlikna med andre nordiske land. Dette kan forklarast med ein meir utstrekt bruk av sjukepleiarar i det finske helsestellet.

Vaasan keskussairaala (Vasa sentralsjukehus). Foto: Timo (2014), Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Vaasan keskussairaala (Vasa sentralsjukehus). Foto: Timo (2014), Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Samferdsel og kommunikasjon

Det finst 134 mobilabonnement og 31,7 breibandabonnement per 100 innbyggjarar i Finland. I 2016 brukte 88 % av finnane mellom 16 og 89 år internett, 72 % av dei fleire gonger dagleg.

 

Finland er eit tynt folkesett land, med store avstandar. Luftfarten spelar difor ei viktig rolle, med 20,1 millionar passasjerar årleg, men trafikken er likevel mindre enn i Noreg (24,7 millionar passasjerar). Statsselskapet Finavia driv 19 flyplassar med regulær passasjertrafikk. Helsingfors lufthamn (Helsinki-Vantaa) er hovudflyplassen i landet, med ei rekkje direkteruter til Europa, Nord-Amerika og Asia. Andre viktige sivile lufthamner er Uleåborg (Oulu), Åbo (Turku), Rovaniemi og Vasa (Vaasa). Finnair, som har den finske staten som hovudeigar, er det dominerande flyselskapet i Finland.

 

Finland har eit godt utbygd vegnett, med omkring 78 000 km offentlege vegar. I tillegg kjem ca. 350 000 km skogsvegar og private vegar og 26 000 km bygater. Om lag to tredelar av dei offentlege vegane har fast dekke. I 2016 fanst det 608 personbilar for kvar 1000 innbyggjarar. Talet på trafikkulukker er lågt samanlikna med dei fleste andre land. I 2013 omkom 4,8 per 100 000 finnar i trafikken, mot 3,8 nordmenn.

 

Dei største finske hamnene målt i godstrafikk er HaminaKotka, Helsingfors, Rauma (Raumo), Kilpilahti og Nådendal (Naantali). Den travlaste passasjerhamna er Helsingfors. Det finst ei rekkje ferjesamband til Estland og Sverige. Det blir nytta isbrytarar for å halde dei viktigaste hamnene opne om vinteren. Finland har òg eit omfattande nett med ferskvassvegar i innlandet, som er knytte til havet gjennom Saimaakanalen, som går mellom Saimaasjøen og Vyborg i Russland.

Foto frå hamna HaminaKotka. Foto: Jyrki Salmi (2015), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Foto frå hamna HaminaKotka. Foto: Jyrki Salmi (2015), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

 

Finland har kring 6000 km jernbaner med russisk sporvidde (1524 mm). I 2016 reiste 76 millionar passasjerar med tog i landet. Om lag ein firedel av godstrafikken i landet går på bane, mot to tredelar på veg. Jernbanenettet blir drifta og vedlikehalde av det statlege finske transportbyrået Liikennevirasto, medan det statseigde selskapet VR Group køyrer passasjer- og godstog. Det finske jernbanenettet er knytt saman med jernbanen i Russland og Sverige. Elektriske tog kom seint i bruk i Finland, men dei fleste hovudlinjene er no elektrifiserte. Helsingfors har 13 trikkelinjer og to undergrunnslinjer.

 

Kjelder

World Health Organization: «World Health Statistics 2016». Geneve 2016

Knut Ove Arntzen: «Teater i Finland», snl.no, sist oppdatert 22.7.2013: https://snl.no/Teater_i_Finland [lesedato 27.4.2017]

Silja Baller, Soumitra Dutta og Bruno Lanvin (red.): The Global Information Technology Report 2016. World Economic Forum, Genève 2016: http://www3.weforum.org/docs/GITR2016/WEF_GITR_Full_Report.pdf [lesedato 2.5.2017]

Ole T. Berg: «Finlands politiske system», snl.no, sist oppdatert 14.5.2013: https://snl.no/Finlands_politiske_system [lesedato 25.4.2017]

Kjell Bjørnskau og Lars Østby: «Finnskogene», snl.no, sist oppdatert 12.5.2009: https://snl.no/Finnskogene [lesedato 20.4.2017]

Bjørn Bolstad: «Det ingen forteller om finsk skole», bbolstad.wordpress.com, publisert 2.5.2015: https://bbolstad.wordpress.com/2015/02/05/det-ingen-forteller-om-finsk-skole/ [lesedato 21.10.2017]

City of Helsinki: «Helsinki population continued strong growth in 2015», hel.fi, publisert 30.6.2016: http://www.hel.fi/www/uutiset/en/helsinki/population-growth [lesedato 20.4.2017]

Eurostat: «Crude divorce rate, selected years, 1960–2014», ec.europa.eu

Haakon Flottorp: «Religion i Finland», snl.no, sist oppdatert 22.7.2013: https://snl.no/Religion_i_Finland [lesedato 2.5.2017]

FN: «Human Development Report 2015», report.hdr.undp.org: http://hdr.undp.org/sites/default/files/hdr_2015_statistical_annex.pdf [lesedato 6.10.2016]

Arne Forsgren og Anne Minken: «Kvener», snl.no, sist oppdatert 13.10.2015: https://snl.no/kvener [lesedato 20.4.2017]

Hans Magne Græsvold og Ola Kai Ledang: «Musikk i Finland», snl.no, sist oppdatert 26.12.2016: https://snl.no/Musikk_i_Finland [lesedato 27.4.2017]

Odd Bruce Hansen: «Dyreliv i Finland», snl.no, sist oppdatert 20.4.2015: https://snl.no/Dyreliv_i_Finland [lesedato 20.4.2017]

Institutet för de inhemska språken: «Om språk», sprakinstitutet.fi: https://www.sprakinstitutet.fi/sv/om_sprak [lesedato 21.10.2017]

Institutet för hälsa och välfärd: «Narkotika i Finland», thl.fi, sist oppdatert 10.3.2016: https://www.thl.fi/fi/web/alkohol-tobak-och-beroenden/narkotika/narkotika-i-finland [lesedato 2.5.2017]

Ottar Julsrud og Helge Giverholt: «Finlands historie», snl.no, sist oppdatert 2.11.2016: https://snl.no/Finlands_historie [lesedato 3.5.2017]

Ola Karlsen: «Finland tester borgerlønn», abcnyheter.no, sist oppdatert 5.1.2017: https://www.abcnyheter.no/penger/privatokonomi/2017/01/03/195267680/finland-tester-borgerlonn [lesedato 2.5.2017]

Vesa Koivukangas: «Emigration from Finland», hyl.edu.hel.fi: http://hyl.edu.hel.fi/sivut/comenius/fi/works/ats00/Emigration/emigration.htm [lesedato 20.4.2017]

Liikennevirasto / Finnish Transport Agency: «Road network», liikennevirasto.fi: http://www.liikennevirasto.fi/web/en/road-network#.WQi9d8klE_U [lesedato 2.5.2017]

Jari Lyytimäki: «Environmental protection in Finland», finland.fi, sist oppdatert juli 2014: https://finland.fi/life-society/environmental-protection-in-finland/ [lesedato 20.4.2017]

Morten Moi og Trond Olav Svendsen: «Film i Finland», snl.no, sist oppdatert 27.1.2012: https://snl.no/Film_i_Finland [lesedato 27.4.2017]

National Institute for Health and Welfare: «Induced abortions 2015», thl.fi, sist oppdatert 27.1.2017: https://www.thl.fi/en/web/thlfi-en/statistics/statistics-by-topic/sexual-and-reproductive-health/abortions/induced-abortions [lesedato 27.4.2017]

OECD: «OECD Economic Survey of Finland 2016», oecd.org: http://www.oecd.org/eco/surveys/OECD-economic-survey-Finland-2016-flyer.pdf [lesedato 6.10.2016]

OECD: «Starting Strong IV. Early Childhood Education and Care Data Country Note», oecd.org: http://www.oecd.org/edu/school/ECECDCN-Finland.pdf [lesedato 27.4.2017]

Jørn Wichne Pedersen og Taran Thune: «Skole og utdanning i Finland», snl.no, sist oppdatert 25.11.2013: https://snl.no/Skole_og_utdanning_i_Finland [lesedato 4.5.2017]

Roger Pihl: «Finlands geografi», snl.no, sist oppdatert 14.4.2015: https://snl.no/Finlands_geografi [lesedato 20.4.2017]

Torolf Rein og Yngve Jarslett: «Finlands forsvar», snl.no, sist oppdatert 8.8.2015: https://snl.no/Finlands_forsvar [lesedato 25.4.2017]

Science Nordic: «Research in Finland»: http://sciencenordic.com/about/research-finland [lesedato 4.5.2017]

Bergljot Solberg: «Finlands forhistorie», snl.no, sist oppdatert 14.5.2013: https://snl.no/Finlands_forhistorie [lesedato 6.10.2016]

John Solheim: «Massemedier i Finland», snl.no, sist oppdatert 22.7.2013: https://snl.no/Massemedier_i_Finland [lesedato 27.4.2017]

Statistics Finland: «Agriculture, Forestry and Fishery», stat.fi, sist oppdatert 13.4.2016: http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_maatalous_en.html [lesedato 27.4.2017]

Statistics Finland: «Culture and the Media», stat.fi, sist oppdatert 28.4.2017: http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_kulttuuri_en.html [lesedato 27.4.2017]

Statistics Finland: «Fall in the number of births even steeper», stat.fi, publisert 11.4.2017: http://www.stat.fi/til/synt/2016/synt_2016_2017-04-11_tie_001_en.html [lesedato 20.4.2017]

Statistics Finland: «Finland in Figures», tilastokeskus.fi: http://tilastokeskus.fi/tup/suoluk/index_en.html [lesedato 4.5.2017]

Statistics Finland: «Finland’s greenhouse gas emissions decreased further», stat.fi, publisert 25.5.2016: http://www.stat.fi/til/khki/2015/khki_2015_2016-05-25_tie_001_en.html [lesedato 20.4.2017]

Statistics Finland: «Housing», stat.fi, sist oppdatert 3.5.2017: http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_asuminen_en.html [lesedato 27.4.2017]

Statistics Finland: «Manufacturing», stat.fi, sist oppdatert 10.4.2017: http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_teollisuus_en.html [lesedato 27.4.2017]

Statistics Finland: «Population», stat.fi, sist oppdatert 28.4.2017: http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_vaesto_en.html [lesedato 2.5.2017]

Statistics Finland: «Science, Technology and Information Society», stat.fi, sist oppdatert 4.5.2017: http://tilastokeskus.fi/tup/suoluk/suoluk_tiede_en.html [lesedato 2.5.2017]

Statistics Finland: «Unemployment rate 9.6 per cent in March», stat.fi, publisert 27.4.2017: http://tilastokeskus.fi/til/tyti/2017/03/tyti_2017_03_2017-04-27_tie_001_en.html [lesedato 2.5.2017]

Statistics Finland: «Transport and Tourism», stat.fi, sist oppdatert 3.5.2017: http://tilastokeskus.fi/tup/suoluk/suoluk_liikenne_en.html [lesedato 2.5.2017]

Statsministerens kontor: «Kommunestruktur i Finland», regjeringen.no, sist oppdatert 16.6.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommunereform/Norden/finland/id751064/ [lesedato 25.4.2017]

Store norske leksikon: «Idrett i Finland», snl.no, sist oppdatert 22.7.2013: https://snl.no/Idrett_i_Finland [lesedato 27.4.2017]

Store norske leksikon: «Planteliv i Finland», snl.no, sist oppdatert 3.2.2012: https://snl.no/Planteliv_i_Finland [lesedato 20.4.2017]

Rolf Theil: «Finsk», allkunne.no, sist oppdatert 27.9.2017: https://www.allkunne.no/framside/sprak/sprak-i-verda/finsk//7/965/ [lesedato 21.10.2017]

Nils Petter Thuesen: «Åland – landskap i Finland», snl.no, sist oppdatert 19.2.2016: https://snl.no/%C3%85land#Styresett [lesedato 6.10.2016]

Trading Economics: «List of Countries by Personal Income Tax Rate», tradingeconomics.com: http://www.tradingeconomics.com/country-list/personal-income-tax-rate [lesedato 2.5.2017]

Transparency International: «Corruption Perceptions Index 2016», transparency.org, publisert 25.1.2017: http://www.transparency.org/news/feature/corruption_perceptions_index_2016 [lesedato 2.5.2017]

UNRIC: «Finland kutter i bistanden», unric.org, publisert 25.6.2015: https://unric.org/no/newsletter/27220-finland-kutter-i-bistanden [lesedato 6.10.2016]

Anitta Viinikka-Kallinen: «Finlands litteratur», snl.no, sist oppdatert 20.8.2013: https://snl.no/Finlands_litteratur [lesedato 27.4.2017]

World Atlas: «Top 10 Coffee Consuming Nations», worldatlas.com, sist oppdatert 9.2.2017: http://www.worldatlas.com/articles/top-10-coffee-consuming-nations.html [lesedato 2.5.2017]

World Bank: «Fixed broadband subscriptions (per 100 people)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/IT.NET.BBND.P2%20 [lesedato 2.5.2017]

World Bank: «GDP per capita (current US$)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.PCAP.CD [lesedato 29.4.2017]

World Bank: «Health expenditure per capita (current US$)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/SH.XPD.PCAP [lesedato 4.5.2017]

World Bank: «Mobile cellular subscriptions (per 100 people)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/IT.CEL.SETS.P2 [lesedato 2.5.2017]

World Bank: «Research and development expenditure (% of GDP)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/GB.XPD.RSDV.GD.ZS [lesedato 4.5.2017]

World Bank: «World Development Indicators: Distribution of income or consumption», wdi.worldbank.org: http://wdi.worldbank.org/table/1.3 [lesedato 2.5.2017]

World Health Organization: «Nuitrition, Physical Activity and Obesity. Finland», 2013, euro.who.int: http://www.euro.who.int/__data/assets/pdf_file/0008/243296/Finland-WHO-Country-Profile.pdf [lesedato 2.5.2017]

Tony Öhberg: «Finland Places Among the Top Four English-Speaking Countries in the World», finlandtoday.fi, publisert 17.4.2015: http://finlandtoday.fi/finland-places-among-the-top-four-english-speaking-countries-in-the-world/ [lesedato 25.4.2017]

 

Peikarar

Findikator, statistikkbank for Finland 

Statistikcentralen, Finlands statistiske byrå 

Først publisert: 02.01.2018
Sist oppdatert: 10.04.2019