Flaggdag er dagar ein skal flagge i Noreg. Nokre dagar er ved kongeleg resolusjon fastsett som offisielle flaggdagar, og på desse dagane er flagging påbode for offentlege bygningar og eigedommar. Regjeringa kan dessutan vedta offentleg flagging ved andre høgtidelege og festlege høve, og dessutan ved offisielle besøk av statsoverhovud.

Flaggdagar i Noreg

Dato Høve
1. januar Fyrste nyttårsdag
21. januar* Prinsesse Ingrid Alexandras fødselsdag
6. februar Samefolkets dag
21. februar* Kong Haralds fødselsdag
1. mai* Offentleg høgtidsdag, Første mai
8. mai* Frigjøringsdagen 1945
17. mai* Grunnlovsdagen; Noregs nasjonaldag
7. juni* Unionsoppløysinga 1905
4. juli* Dronning Sonjas fødselsdag
20. juli* Kronprins Haakons fødselsdag
29. juli Olsok
19. august* Kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag
25. desember Fyrste juledag

I tillegg kjem dei rørlege flaggdagane 1. påskedag, 1. pinsedag og stortingsvaldagen*.

Samiske flaggdagar

Dag Høve
6. februar Samefolkets dag
2. mars Sametinget i Finland opna 1996
25. mars Marimesse, tradisjonell samisk merkedag
24. juni Midsumars dag, Jonsok
9. august Den internasjonale urfolksdagen
15. august Sameflagget innført 1986
18. august Samerådet oppretta 1956
26. august Sametinget i Sverige opna 1993
9. oktober Sametinget i Noreg opna 1989
9. november Sameparlamentet i Finland opna 1973
15. november Isak Saba født 1875
29. november Elsa Laula født 1877

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg