Hopp til innhold
 Floridapensjonist. Foto: Jennifer DiNardo, flickr.com CC BY
Floridapensjonist. Foto: Jennifer DiNardo, flickr.com CC BY
X
Innhald

Florida

Florida er ein delstat i USA på Florida-halvøya. Florida har subtropisk klima med varme og fuktige somrar og milde og tørre vintrar, med ein årleg middeltemperatur på 20 °.
Florida, forkorta Fla. eller FA, er ein delstat i USA på Florida-halvøya, ofte kalla The Sunshine State. Han er på 151 939 km² og har om lag 19,1 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Tallahassee.
 
Det var stor innflytting i 1960- og 1970-åra frå andre delar av USA, særleg flytta mange pensjonistar hit. I dag er det stor innvandring frå Latin-Amerika, særleg Karibia og Cuba.
 
Florida består av lågland med skogar, strender og sumpar. Everglades er ei sumpaktig, grunn elv som renn sakte. Ho er 60 km brei og meir enn 160 km lang. Florida har subtropisk klima med varme og fuktige somrar og milde og tørre vintrar, med ein årleg middeltemperatur på 20 °C.
 
Delstaten har stor turisttrafikk med mange luksuriøse hotell og badestader, blant anna Miami Beach, Palm Beach og Daytona Beach. I Florida ligg fornøyelsesparken Disney World og den eldste byen i USA, St. Augustine, grunnlagd i 1565. Turismen er den viktigaste næringsvegen i Florida.
 
Det vert drive utstrekt jordbruk, med sitrusfrukter, grønsaker, tobakk, nøtter, mais og sukker som dei viktigaste produkta. I tillegg finst det elektronisk industri. Florida har oppskytingsfelt for romrakettar på Cape Canaveral. Det er stor fly- og skipstrafikk, særleg til Miami, Tampa og Jacksonville. Delstaten er utgangspunkt for cruisetrafikk i Vestindia.
 
Namnet Florida skriv seg frå den spanske oppdagaren Ponce de León, som gjekk i land her palmesøndag 1513. Han kalla det «Pascua Florida», som tyder «blomstrande påske». Området var spansk, men britane styrte det 1763–83, og det kom då mange immigrantar. I 1821 selde Spania Florida til USA. Florida har vore delstat frå 1845.

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 26.09.2016