Hopp til innhold
X
Innhald

Flyktning

Ein flyktning er ein person som held til utanfor heimlandet sitt på grunn av frykt for forfølging av sosiale, etniske, politiske eller religiøse årsaker. Etter norsk rett har alle som oppfyller flyktningdefinisjonen, rett til opphald her i landet.

FNs flyktningkonvensjon definerer ein flyktning som ein person som «på grunn av at han med rette fryktar for forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemsskap i ei spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning, held til utanfor det landet han er borgar av». Etter den norske utlendingslova kan ein utanlandsk person i Noreg få status som flyktning anten dersom han eller ho oppfyller definisjonen i flyktningkonvensjonen, eller dersom personen av andre grunnar står i fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg behandling i heimlandet.

 

Flyktningdefinisjonen omfattar ikkje menneske som har måtta flykte frå heimstaden til eit anna område i det same landet, såkalla internt fordrivne. Det er likevel blitt vanleg å omtale internt fordrivne som flyktningar, og å yte hjelp til dei på linje med flyktningar som kryssar landegrenser. Heller ikkje menneske som er fordrivne på grunn av naturkatastrofar, er inkluderte i flyktningdefinisjonen. Begge desse gruppene veks. Definisjonen i flyktningkonvensjonen er utforma på bakgrunn av flyktningsituasjonen i Europa slik han var i første halvdel av førre hundreår, og mange politikarar og akademikarar har difor teke til orde for at konvensjonen bør reviderast for å passe betre med den flyktningsituasjonen vi har i dag.

 

Flukt er ofte langvarig, i gjennomsnitt er flyktningar fordrivne i 15–20 år. Dei første tilløpa til eit internasjonalt system for å hjelpe flyktningar, kom i stand etter første verdskrigen. Då FN blei danna etter andre verdskrigen, starta arbeidet med å definere flyktningomgrepet, som så førte til at flyktningkonvensjonen blei vedteken i 1951.

 

Også nordmenn har vore flyktningar. Her blir norske flyktningar som har flykta til Sverige under andre verdskrig registrert før dei blir sendt vidare til mottakarsentralen i Kjesäter slott i Södermanland. Stockholm 1.2.1945. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com. Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar.

Også nordmenn har vore flyktningar. Her blir norske flyktningar som har flykta til Sverige under andre verdskrig registrert før dei blir sendt vidare til mottakarsentralen i Kjesäter slott i Södermanland. Stockholm 1.2.1945. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com. Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar. 

Internasjonal flyktninghjelp

Folkeforbundet, forløparen til FN, stod bak den første internasjonale koordineringa av flyktninghjelp. Forbundet utnemnde nordmannen Fridtjof Nansen til den første stillinga som høgkommissær for flyktningar i 1921. Oppgåva til høgkommissæren var først å hjelpe om lag 1,5 millionar menneske som hadde flykta frå Russland i samband med revolusjonen og borgarkrigen der. Etter kvart fekk høgkommissæren også ansvar for flyktningstraumane på Balkan som følgje av krigshandlingar i samband med oppløysinga av Det osmanske riket. Arbeidet gjekk ut på både å gi humanitær hjelp og å lage eit juridisk rammeverk for å busetje flyktningane. Det resulterte i den første internasjonale flyktningkonvensjonen, i 1933. Denne konvensjonen blei ratifisert av ni land og tente som førebilete for den nye FN-konvensjonen i 1951.

 

Etter andre verdskrigen var titals millionar menneske på flukt i Europa, og FN oppretta i 1946 Den internasjonale flyktningorganisasjonen (IRO), som skulle hjelpe desse menneska. IRO skulle vere ferdig med arbeidet i 1950, men det synte seg at flyktningproblemet ikkje lét seg løyse så raskt, og eit nytt og permanent høgkommissariat for flyktningar blei etablert frå januar 1951.

 

Høgkommissariatet har sidan hatt ansvar for internasjonale flyktningar, med eitt unntak: palestinarane som flykta i samband med opprettinga av staten Israel i 1948, og etterkomarane deira. Desse flyktningane blir i staden assisterte av FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA). UNRWA har mellom anna ansvar for å drive dei palestinske flyktningleirane i Jordan, Libanon, Gaza og på Vestbreidda.

Palestinske flyktningar i ein flyktningleir i Libanon i april 1959. Foto: UN Photo/JG, United Nations Photo på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Palestinske flyktningar i ein flyktningleir i Libanon i april 1959. Foto: UN Photo/JG, United Nations Photo på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

 

I Europa har EU sidan 1999 arbeidd med å lage eit felles asylsystem for personar som bed om vern i eit europeisk land. Systemet skal sikre at flyktningar får same behandling uavhengig av kva EU-land dei oppheld seg i. I samband med den såkalla flyktningkrisa i 2015, då det kom uvanleg mange flyktningar til Europa frå Midtausten og Nord-Afrika, starta EU arbeidet med eit rammeverk for å fordele flyktningar internt i EU. Det er stor semje om at eit slikt rammeverk trengst, men arbeidet er vanskeleg, fordi det er store skilnader mellom EU-landa når det gjeld kor mange flyktningar dei er villige til å ta imot, og korleis rammeverket skal fungere. Samstundes gjorde EU ein avtale med Tyrkia, som er det viktigaste transittlandet for flyktningar og migrantar til Europa, om at EU skulle ta imot syriske flyktningar frå Tyrkia mot at personar som ikkje har krav på flyktningstatus, kan sendast frå Hellas og tilbake til Tyrkia. Avtalen førte til nedgang i talet på flyktningar til Europa, men er blitt kritisert for å bryte med FNs flyktningkonvensjon og for å leggje til rette for brot på menneskerettane.

Kurdiske syrarar på flukt til Tyrkia. Foto: EC/ECHO, European Commission DG ECHO på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kurdiske syrarar på flukt til Tyrkia. Foto: EC/ECHO, European Commission DG ECHO på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Flyktningar i Noreg

Flyktningar i Noreg er anten overføringsflyktningar (også kalla kvoteflyktningar), asylsøkjarar som har fått opphald etter utlendingslova, eller asylsøkjarar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Overføringsflyktningar er personar som er registrerte som flyktningar av FNs høgkommissær for flyktningar, men som ikkje kan bli i landet dei er i, og som difor blir overførte til eit tredje land. Stortinget avgjer kor mange overføringsflyktningar Noreg skal ta imot kvart år, og Utlendingsdirektoratet bestemmer kven som får kome. Overføringsflyktningar blir busette direkte i kommunane, utan å bu på asylmottak først.

 

Dei seinare åra har talet på internt fordrivne i verda auka mykje meir enn talet på flyktningar som oppfyller FNs flyktningdefinisjon. I mangel av ein internasjonal traktat for internt fordrivne, utvikla FN i 1998 eit sett med ikkje-bindande retningslinjer som alle land og andre relevante aktørar blir oppmoda om å følgje. Retningslinjene seier at internt fordrivne har same juridiske rettar som dei andre borgarane i landet, at styresmaktene i landet har plikt til å oppfylle dei grunnleggjande rettane deira, og at dei ikkje skal utsetjast for vilkårleg forfølging eller flytting.

 

Ved inngangen til 2017 var meir enn 40 millionar menneske internt fordrivne. Dei viktigaste årsakene, som gjerne heng i hop eller overlappar kvarandre, er valdelege konfliktar, naturkatastrofar og klimaendringar. Dei landa som fekk flest internt fordrivne i 2016 som følgje av krig og konflikt, var Den demokratiske republikken Kongo (922 000), Syria (824 000) og Irak (659 000). Landa som fekk flest internt fordrivne som følgje av naturkatastrofar i 2016, var Kina (7 434 000), Filippinane (5 930 000) og India (2 400 000).

Statsminister Erna Solberg i samtale med syriske flyktningar under eit besøk i Zaatari-flyktningleiren i Nord-Jordan i 2015. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Statsminister Erna Solberg i samtale med syriske flyktningar under eit besøk i Zaatari-flyktningleiren i Nord-Jordan i 2015. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-NC 2.0. 

 

Kjelder

Gilbert Jaeger: «On the history of the international protection of refugees», International Review of the Red Cross , vol. 83, 2001

 

FNs flyktningkonvensjon, unhcr.org, publisert 1.2.2011: http://www.unhcr.org/3b66c2aa10.html [lesedato 9.1.2018]

«Guiding Principles on Internal Displacement», andre utgåve, unhcr.org, publisert 1.9.2004: http://www.unhcr.org/protection/idps/43ce1cff2/guiding-principles-internal-displacement.html?query=internal%20displacement [lesedato 10.1.2018]

Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven), sist endra 1.1.2018, lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-05-15-35 [lesedato 10.1.2018]

«Nansen – a man of action and vision», unhcr.org, publisert 14.9.2009: http://www.unhcr.org/events/nansen/4aae50086/nansen-man-action-vision.html [lesedato 9.1.2018]

UDI: «Overføringsflyktninger (kvoteflyktninger)», udi.no: https://www.udi.no/ord-og-begreper/overforingsflyktninger/ [lesedato 10.1.2018]

 

Peikarar

FNs flyktningkonvensjon omsett til norsk, udiregelverk.no 

Flyktninghjelpen sin statistikk over flyktningar, flyktninghjelpen.no, publisert 19.6.2017 

Først publisert: 26.04.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018