Hopp til innhold
Logoen til Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB). Kjelde: Folkeaksjonen NEI til mer bompenger, facebook.com.
Logoen til Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB). Kjelde: Folkeaksjonen NEI til mer bompenger, facebook.com.
X
Innhald

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB)

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) er eit politisk parti som oppstod i 2014 på grunn av misnøye med høge bompengar. Før lokalvalet i 2019 fekk partiet sensasjonell framgang i fleire av dei store byane.

FNB vart stifta på Sunde i Stavanger 12. desember 2014 av Frode Myrhol, Morten Lillesand og Richard Skarsten. Bakgrunnen var at Rogaland fylkesting same månaden hadde vedteke nye bomringar rundt Stavanger, som ville påføre bilistane store ekstrautgifter.

Partiet deltok i val første gong i Stavanger i 2015 og fekk 4,2 prosent av røystene. Det gav tre representantar for partiet i Stavanger bystyre. I 2018 vart partiet registert som nasjonalt parti. Det vart deretter skipa nye lokallag i dei fleste store byane og i fleire andre kommunar. Sommaren 2019 hadde FNB 1900 partimedlemer. Frode Myrhol var primus motor og i praksis partileiar, jamvel om partiet før lokalvalet i 2019 enno ikkje hadde hatt landsmøte med leiarval.

Myrhol, Frode. FNB-leiar 2019. Privat foto. Nytta etter avtale.jpg?w=600

Partileiar Frode Myrhol. Privat foto. Nytta etter avtale.

Det vart etablert liknande bomparti-lister som i Stavanger i fleire byar og kommunar med bomstasjonar. I byar som Bergen, Sandnes og Oslo var desse listene ein del av FNB, medan bomparti-lista i Tromsø ikkje var det. Våren 2019 synte det seg at nokre av desse listene hadde sensasjonelt høg oppslutnad. I Bergen var FNB det største partiet i byen ved fleire målingar.

Bakgrunnen for dei nye lokallaga var liknande motstand som i Stavanger mot nye bomringar. Bomringane i byområda var del av byvekstavtalar mellom nasjonale styresmakter og lokalpolitikarane. Byvekstavtalane innebar at bykommunane fekk statlege løyvingar ved å forplikte seg til å få ned klimautsleppa og stoppe veksten i biltrafikken.

Motstanden mot bompengane hang saman med at mange opplevde at dei på grunn av nye bomstasjonar kunne få fleire titusen kroner i årlege ekstrautgifter. Bompengar er ein flat skatt, det vil seie at fattig og rik betaler det same. Det vart difor hevda at bomringane var sosialt urettferdige. Dessutan gjekk ikkje inntektene primært til vegar eller bruer for bilistane som betalte, men også til satsing på kollektivtrafikk og sykkelvegar. Mange meinte då at det ikkje var ein god samanheng mellom kven som betalte inn, og føremålet innbetalingane gjekk til.

FNB er eit typisk eisaksparti, ved at det er éi stor sak som mobiliserer veljarane deira, og som er den saka politikarane i partiet særleg brenn for. Partileiinga i FNB ønskjer å profilere partiet som noko meir enn eit eisaksparti og viser til at partiet har eit politisk program som femner om mange andre saker òg, til liks med dei andre partia.

Kjelder

Elektronisk korrespondanse med Frode Myrhol 18.8.2019

 

NTB: «FNB størst i Bergen i ny måling», dagsavisen.no, sist oppdatert 19.6.2019: https://www.dagsavisen.no/innenriks/fnb-storst-i-bergen-i-ny-maling-1.1541051 [lesedato 18.8.2019]

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar: «Partiet», neitilmerbompenger.no: https://www.neitilmerbompenger.no/partiet/ [lesedato 18.8.2019]

Regjeringa: «Byvekstavtaler», regjeringa.no, sist oppdatert 27.4.2018: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/by--og-stedsutvikling/Byvekstavtaler/id2454599/ [lesedato 18.8.2019]

Valdirektoratet: «Valg. Stavanger kommune. Kommunestyrevalg. 2015», valgresultat.no, sist oppdatert 15.9.2015: https://valgresultat.no/rogaland/stavanger?type=ko&year=2015 [lesedato 18.8.2019]

 

Peikarar

Nettstaden til FNB, neitilmerbompenger.no

Facebook-sida til FNB, facebook.com

Facebook-sida til aksjonsgruppa Bomfritt Norge. NOK ER NOK, facebook.com

Først publisert: 26.08.2019
Sist oppdatert: 26.08.2019