Hopp til innhold

Fornorsking

Fornorsking gjekk ut på å gjere minoritetsgrupper meir norske. Eit sentralt krav i den tidlege fornorskingspolitikken var at alle i Noreg måtte lære seg norsk.

Kring midten av 1800-talet starta styresmaktene ein aktiv fornorskingspolitikk mot samar og kvenar i Finnmark og Nord-Troms. Kyrkja ivra for norsk som kyrkjespråk, og det statlege Finnefondet premierte lærarar som lærte minoritetselevane norsk. I 1898 skjerpte regjeringa kravet til norsk som einaste undervisningsspråk.

Eit anna siktemål med fornorskinga var at flyttsamar, som frå gamalt av har følgt reinflokkane sine på beite frå stad til stad, måtte verte bufaste. Difor vedtok Stortinget lover som hindra dei i å bruke dei hevdvunne beiteområda.

Fornorskinga var inspirert av nasjonsbygginga på 1800-talet. Tanken om å styrkje nasjonalstaten la opp til at også etniske minoritetar måtte innlemmast i fleirtalskulturen. Andre land førte ein liknande politikk. I Noreg vart fornorskinga i nord særleg viktig, fordi ho overlappa utanrikspolitiske interesser. Samane og kvenane sine buområde grensa til Finland og Russland, og dei norske og svenske styresmaktene ville sikre seg lojale norske borgarar for å tryggje grensene.

Minoritetane i Sør-Noreg var i ein annan situasjon. Skogfinnane sitt språk var alt svekt då fornorskinga tok til. Barn av romaniar (taterar) vart tekne frå foreldra og plasserte i fosterheimar og barneheimar for å verte ekte norske, medan politikken mot romfolk (sigøynarar) gjekk ut på å stemple gruppa som unorsk og nekte dei opphald i Noreg.

Fornorskinga stod ved lag til rundt 1950. Etter krigen skjerpte samane kampen for politisk innverknad, og på slutten av 1900-talet kom det lover som sikra urfolk og minoritetar vern av språk og kultur. På 2000-talet har det vore ein oppsving for samisk kunst og kultur. Dei samiske språka er framleis truga, men i tolv kommunar (2020) har samisk status som offisielt språk. Det gir innbyggjarane rett til å krevje undervisning i samisk og til å bruke samisk i kontakt med offentlege kontor.

 

Kjelder

Nik. Brandal, Cora Alexa Døving og Ingvill Thorson Plesner (red.): Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016. Oslo 2017

Grethe Brochmann og Knut Kjeldstadli: Innvandringen til Norge. 900–2010. Oslo 2014

 

Bjørnar Seppola: «Fornorskingen av samer og kvener var to forskjellige historier», nordnorskdebatt.no, publisert 19.12.2016: https://nordnorskdebatt.no/article/fornorskningen-samer-kvener-var [lesedato 22.2.2020]

 

Peikarar

Snøball Film: «Identitet – ungdommer fra de nasjonale minoritetene», kortfilm, nafo.oslomet.no, publisert 2015

Visit Norway: «Opplev samisk kultur», visitnorway.no

Først publisert: 24.09.2020
Sist oppdatert: 30.09.2020