Faktaboks

Frank Bakke-Jensen
Fødd
8. mars 1965, Båtsfjord, Finnmark
Frank Bakke-Jensen
Av .

Frank Bakke-Jensen er ein norsk politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå Finnmark 2009–2021 og forsvarsminister i regjeringa Solberg 2017-2021. Sidan 2021 er han fiskeridirektør i Fiskeridirektoratet.

Bakgrunn

Frank Bakke-Jensen er fødd i Båtsfjord i Finnmark. Han tok elektro grunnkurs ved Hammerfest videregående skole i 1982 og serviceelektronikk ved Breivika videregående skole i 1984. Han studerte kristendom og marknadsføring for reiselivet ved Høgskolen i Finnmark (no UiT Norges arktiske universitet), samt prosjektleiing ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet) 2002–2003.

Bakke-Jensen har arbeidd som skipselektronikkteknikar, med radioservice, som teknikar og som lærar. Han var utstasjonert i Libanon (Unifil) i 1990–1991. Han arbeidde som ekspeditør ved Båtsfjord Reiseservice AS ved Båtsfjord lufthamn 1995–1999 før han 1999-2007 vart dagleg leiar og eigar av firmaet.

Politisk karriere

Bakke-Jensen var medlem av styret i Båtsfjord Høgre 1989–1990, medlem av kommunestyret i Båtsfjord 1999–2009, der han var ordførar 2007-2009. Bakke-Jensen var òg medlem av fylkestinget i Finnmark 2007–2009. Han var 2. leiar i Finnmark Høgre 2012–2014.

Bakke-Jensen var stortingsrepresentant for Høgre frå Finnmark 2009–2021. Han tok ikkje attval ved stortingsvalet i 2021. Frå desember 2016 til september 2017 var han EØS- og EU-minister i Solberg-regjeringa. I 2017-2021 var han forsvarsminister i den same regjeringa. Han var også nordisk samarbeidsminister frå 2016 til 2021.

Som stortingsrepresentant sat han i næringskomiteen og var Høgres fiskeripolitiske talsmann. I 2020 blei han utnemnt til ny Fiskeridirektør med tiltreding etter regjeringa Solbergs avgang 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg