Hopp til innhold
X
Innhald

François Villon

François Villon, poet. Han var ein rabagast både i livet og i poesien og er rekna som den fremste franske poeten frå mellomalderen.

Det er uvisst nøyaktig når François Villon blei fødd, men fødeåret blir rekna til å vere 1431. Også dødsåret er uvisst, men Villon levde eit kort liv og døydde ein gong etter 1463. Det opphavlege namnet hans var truleg François de Montcorbier eller François des Loges, og etternamnet Villon tok han etter fosterfaren, Guillaume de Villon, som adopterte han då faren døydde. Villon utdanna seg ved kunstfakultetet ved Universitetet i Paris, der han tok tilsvarande dagens bachelorgrad i 1449 og tilsvarande dagens mastergrad i 1452.

Villon levde eit skandaløst forbrytarliv, med drap og tjuveri, og han blei både bannlyst frå Paris og sett i fengsel fleire gonger i løpet av livet. To gonger blei han dømd til døden ved henging, men han kom seg unna begge gongene. I 1463 blei han bannlyst frå Paris i ti år, og sidan veit vi lite om kva som hende i livet hans.

Villons poetiske livsverk står i spennet mellom det ville og valdelege livet han levde, og det disiplinerte, tradisjonsbaserte formspråket han gjorde bruk av. Dei to store verka hans, Det vesle testamentet og Det store testamentet (begge publiserte posthumt i 1489), er gjennomsyra av parodi og ironi, men Villon skildrar også kjærleiken, døden og det forgjengelege livet med inderlege ord. Verka viser ein poet som var fortruleg med mellomalderens ideal om det høviske, men som medvite valde å bryte med det: Han dikta om kjeltringar og tjuvraddar, tok stundom i bruk dialekt og slang, og var ikkje redd for å skildre det kroppslege og usømelege. Det direkte, ofte satiriske uttrykket og det individuelle perspektivet i Villons poesi peikar framover mot renessansens livskjensle og lyrikk, og gjer at han ofte blir rekna for å vere den første moderne lyrikaren i Frankrike.

Villon er gjendikta til bokmål av Herbrand Lavik (François Villon, 1943) og Harald Gullichsen (Testamentet og Spredte ballader, 1994). Gullichsen har også gjendikta Villon til nynorsk (Testamentet og Spreidde balladar, 2010). I tillegg har Kristen Gundelach gjendikta einskilde dikt til bokmål, medan Sigmund Skard har gjendikta einskilde dikt til nynorsk.

Villon står att som ein av dei fremste poetane i den franske litteraturhistoria. Poesien hans har hatt stor påverknad på seinare poetar, mellom dei Charles Baudelaire, Paul Verlaine og Arthur Rimbaud. Rolla hans som kontroversiell og provokativ poet – som prototypen på det ein i Frankrike kallar «poète maudit» – har også hatt breiare innverknad i fransk litteratur- og kulturhistorie, og Villon kan reknast som ein føregangsmann for ei lang rekkje av rabagastar og urostiftarar i fransk litteratur, mellom andre François Rabelais, Comte de Lautréamont, Antonin Artaud, Jean Genet, Louis-Ferdinand Céline og Michel Houellebecq.

 

Kjelder

Kjerstin Aukrust, Trude Kolderup og Geir Uvsløkk: Nytten og gleden. Fransk litteratur gjennom tusen år. Oslo 2019

Jon Haarberg, Tone Selboe og Hans Erik Aarset: Verdenslitteratur. Den vestlige tradisjonen. Oslo 2007

François Villon: Poésies, med forord av Tristan Tzara og introduksjon av Jean Dufournet. Paris 1973

 

Regine Pernoud: «François Villon», Encyclopedia Britannica, britannica.com, sist oppdatert 1.1.2019: https://www.britannica.com/biography/Francois-Villon [lesedato 1.2.2019]

 

Peikarar

Hans E. Kinck: «Rundt fenomænet Villon. Betragtninger og digressioner» (1919), i Mange slags kunst» (1921), nb.no

Alexander Elgurén: «Vagantdikteren Montcorbier alias Villon, vagant.no

Først publisert: 26.04.2019
Sist oppdatert: 26.04.2019