Hopp til innhold
Litografi av Frederik Moltke Bugge. Litografiet ser ut til å vere laga etter eit måleri av Oscar Sivertsen. Cirkadatering 1830–1850. Bileteigar: Ivar Aasen-tunet. Nytta etter avtale.
Litografi av Frederik Moltke Bugge. Litografiet ser ut til å vere laga etter eit måleri av Oscar Sivertsen. Cirkadatering 1830–1850. Bileteigar: Ivar Aasen-tunet. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Frederik Moltke Bugge

Frederik Moltke Bugge var ein toppfigur i norsk skule- og kulturliv i 1830- og 40‑åra. Han var ein kraftig talsmann for dei klassiske språka i den store skulekommisjonen (1839-42), som var sett til å revidere skule- og undervisningsopplegget, og han hadde på offentleg oppdrag vore i Tyskland og Frankrike for å studere skulestellet der.

Frederik Moltke Bugge var fødd 23. september 1806 i Trondheim og døydde 9. juli 1853 i Bergen. Han var son til biskop Peter Olivarius Bugge og Cathrine Koch. Berre 27 år gamal blei han utnemnd til rektor ved Trondheim katedralskule. Då hadde han imponert i hovudstaden med å ta filologisk embetseksamen med innstilling, og etter eit par år som styrar ved latinskulen i Stavanger fekk han tilbod om stilling som universitetslektor i latin. Bugge valde i staden stillinga i heimbyen Trondheim.

I 18 år var han ein dynamisk rektor, samstundes som han tok på seg dei krevjande statlege oppgåvene med å revidere det norske skulestellet. Studiane og refleksjonane etter reisene utanlands resulterte i eit tre-binds verk, ca. 1000 sider, som staten gav til alle allmugeskulane i landet. Bugge skreiv ei rekkje artiklar om skulepolitiske emne og avhandlingar om klassisk litteratur, og han omsette og kommenterte Homer, Platon og fleire.

Pedagogiske reformer

I si eiga undervisning eksperimenterte Bugge med pedagogiske reformer, mellom anna mindre klassar, kortare skuletimar, meir variert undervisning og fysisk trening. Elevane i avgangsklassen fekk særoppgåver, og dei fekk skulefri for å arbeide med desse oppgåvene. Det rikaste arbeidsstoffet for elevane meinte Bugge var å finne i den klassiske litteraturen. Når det galdt fagkrinsen, blei han derfor ein ivrig talsmann for dei klassiske språka latin og gresk. Den danninga og den intelligensskuleringa ein oppnådde gjennom læring av desse språka, meinte han var eineståande. Andre argumenterte for at matematikk og naturfag hadde ein minst like stor intelligensskulerande verknad, og i tillegg den pedagogiske fordelen at dei kunne stimulere fatteevna hos dei unge ved hjelp av plansjar og figurar.

Nyhumanist

I den hardnakka kampen som i desse åra blei ført overalt i samfunnet om skulereformer og danning, blei Bugge ein leiar for den krinsen som blei kalla nyhumanistane. På si side hadde han professor Georg Sverdrup og andre klassisk-filologar. Mot nyhumanistane stod dei såkalla realistane, som meinte at moderne språk og naturfag burde få ein større plass. Realistane hadde førarar som A.M. Schweigaard og Fredrik Stang og krinsen rundt det såkalla Intelligenspartiet. I kulturlivet blei diktarane Wergeland og Welhaven representantar for kvar si side i denne striden, som også fekk patriotiske overtonar og i lang tid prega den offentlege debatten.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

I Trondheim blei Bugge leiar (preses) i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, den eldste vitskapelege institusjonen her i landet, grunnlagd i 1760. I Bugge si tid som leiar fungerte Videnskabsselskabet nærmast som eit nasjonalt forskingsråd, som gav støtte til vitskapeleg arbeid kvar det måtte finnast i landet.

Det viktigaste bidraget i så måte var den støtta selskapet gav til Ivar Aasen, slik at han kunne reise rundt og studere dialektane og utarbeide ein grammatikk og ei ordbok. Då Aasen sommaren 1842 kom til Trondheim, blei han godt motteken av Bugge, som lenge hadde ønskt «Almuedialekters Bearbeidelse», og i dei neste åtte–ni åra fekk Aasen årlege bidrag frå Videnskabsselskabet.

Nederlag

F.M. Bugge kom etter kvart til å lide nederlag på så og seie alle frontar. Dei skule- og undervisningsreformene som diskusjonane etter kvart munna ut i, gjekk stikk i strid med Bugge sine ønske og prinsipp. Det blei ei skulereform der realfag og moderne språk gradvis fortrengte dei klassiske språka.

I Videnskabsselskabet blei han kritisert for ei altfor open og inkluderande haldning. På katedralskulen blei det misnøye med livsførselen hans, og styret skreiv til departementet at rektor Bugge hadde møtt rusa til ei skuleavslutning, at han ein kveld på teateret hadde oppført seg upassande saman med ei kvinne, og at han skulle ha sunge i gatene på veg heim. Klagene blei tekne opp att og resulterte i at Bugge berre fekk halde fram i stillinga si på prøve. I 1850 melde han seg ut av Videnskabsselskabet, og året etter trekte han seg som rektor og flytta til Bergen. Der fungerte han som privatlærar vel eit års tid før han døydde, 47 år gammal.

Kjelder

J.B. Halvorsen: Norsk Forfatter-Lexikon, bd.1, Kristiania 1885

Norsk biografisk leksikon, bd.2. Oslo 2000

Asbjørn Øverås: Frederik Moltke Bugge. Kulturarbeid og kulturstrid i 1830–40-åra, bd. I–II. Oslo 1949

Først publisert: 26.05.2017
Sist oppdatert: 26.08.2019