Hopp til innhold

Fredrik Hope

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom. Han arbeider for at alle i ungdomsskulen skal kunne få god opplæring i både nynorsk og bokmål.

Fredrik Hope er fødd 12. oktober 1993 i Hyen i Gloppen. Han bur i Oslo. Etter Firda vidaregåande skule (2009–12) og Toneheim Folkehøgskole (2012–13), tok han bachelorgraden i retorikk og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo (2013–17).

Hope har vore leiar for Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen. Han vart vald inn i sentralstyret for Norsk Målungdom i 2014. I 2017 vart han vald til leiar. Hope har vore sentral i arbeidet for at det skal verte lagt betre til rette for dei som har nynorsk som førstespråk. Han vil ha ei ny opplæringslov, med ein lovfesta rett til språkdelt ungdomsskule. Hope arbeider også for at alle digitale hjelpemiddel i skulen skal vere tilgjengelege på både nynorsk og bokmål.

Hope er også felespelar og er aktiv i folkemusikkmiljøet. Han har mellom anna vore medlem i Hyen Spelemannslag og Gloppen Hardingfelelag.

Kjelder

E‑post frå Fredrik Hope 25.1.2019 og 31.1.2019

Presentasjon av sentralstyret i Norsk Målungdom, malungdom.no: https://malungdom.no/organisasjon/sentralstyret/ [lesedato 21.1.2019]

 

Peikarar

Fredrik Hope «Kan norske elevar endeleg få lære nynorsk skikkeleg?», ba.no

Først publisert: 14.06.2019
Sist oppdatert: 18.06.2019