Hopp til innhold
X
Innhald

Fregatt

Fregatt (av fransk frégate) er eit mellomstort krigsskip. 

Fregatt var tidlegare nemning på hurtigseglande, fullrigga orlogsfartøy med kanonar på to dekk. Fregatten fungerte som kryssar i seglskutetida. Under og etter den andre verdskrigen var fregattane lettare væpna eskortefartøy. Moderne fregattar har antiubåt- og luftvernrakettar. 

«Oslo»-klassen var namnet på den førre norske typen fregattar. «Fridtjof Nansen»-klassen er namnet på dei fem nyaste fregattane til Sjøforsvaret.

Foto av fregatten KNM Roald Amundsen. Foto (2008): Torbein Rønning, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 08.11.2018