Hopp til innhold
X
Innhald

Frida Ånnevik

Frida Ånnevik, visesongar, tekstforfattar og omsetjar frå Hamar. Ho har fått fleire prisar for musikken sin, mellom anna fire spellemannsprisar.

Frida Ånnevik er fødd 18. juni 1984 i Ridabu ved Hamar. Ho bur i Oslo. Etter musikklinja ved Stange videregående skole (2000–2003), tok ho mastergrad i musikk ved rytmisk linje ved Universitetet i Agder (2010). Ånnevik er dotter av forfattar og musikar Tor Karseth.

Ånnevik har gitt ut fleire kritikarroste album. Ho debuterte med Synlige hjerteslag i 2010. I 2013 kom Ville ord, i 2016 Her bor og i 2017 Flyge fra. Ånnevik får mykje ros for tekstane sine, som ofte handlar om sentrallyriske emne, til dømes identitet og korleis det som ung kvinne er å høyre til i verda. Ho syng på hedmarksdialekt. Songane «Snubletråd» (2010), «Basert på en sann historie» (2016) og «De dagene jeg mister ting» (2017) er alle mykje spela i norsk radio.

Ånnevik har òg nådd eit stort publikum gjennom tolkingane sine av andre lyrikarar og artistar. I 2014 var ho med på jazzalbumet Lyden av Prøysen, der ho tolka mellom anna «Å, den som var en løvetann» og «Kjæm du i kveld». Same året gav ho ut albumet Skogenes sang saman med gruppa In the Country, med tekstar av Hans Børli. I 2019 gav Ånnevik ut Andre sanger. Her har ho mellom anna omsett tekstar av artistar som Joni Mitchell og Astrid S. «River» er blitt til «Elv» og «Think before I talk» er blitt til «Tenkt meg om».

Ånnevik er først og fremst visesongar, men musikalsk har ho òg mange referansar til jazzmusikk, populærmusikk og folkemusikk.

I 2009 fekk ho Grappas debutantpris, og i 2011 Vidar Sandbecks kulturpris. Ho har fått spellemannspris som årets tekstforfattar i 2013, og i klassen visesang i 2016, 2017 og 2019. I 2015 fekk ho Hedmark fylkeskommunes kulturpris.

 

Kjelder

Marte Bjerke: «Mikrokosmopolitten», musikkultur.no, publisert 12.11.2019: https://musikkultur.no/nyheter/mikrokosmopolitten-6.337.658670.1e5bb213f9 [lesedato 22.1.2020]

Frida Ånnevik, biografi, fridaannevik.no: https://fridaannevik.no/biografi/ [lesedato 20.1.2020]

 

Peikarar

Musikkvideoar av låtar av Frida Ånnevik, fridaanevik.no

Elin Amundsen Grinaker: «Det eneste som funker er å insistere på sin egen greie – samtale med Frida Ånnevik», blazerfanzine.no

Poddkast med Kari Slaatsveen: «Podcast: Slik ble jeg meg – veien til sangene: Frida Ånnevik», tara.no, publisert 5.2.2020

Først publisert: 11.05.2020
Sist oppdatert: 14.05.2020