Hopp til innhold
X
Innhald

5000 arbeidarar

På Årdalstangen var det og stor byggjeaktivitet i 1942. Hit kom det eine skipet etter det andre med materialar. Foto: Erna Dahle. Eigar: Solveig Østavik.

På Årdalstangen var det og stor byggjeaktivitet i 1942. Hit kom det eine skipet etter det andre med materialar. Foto: Erna Dahle. Eigar: Solveig Østavik.

Frå åtte sysselsette ved Tyinfaldene i 1938, vart Årdal på nokre få månader omskapt til den største anleggsplassen i Noreg. Sommaren 1942 var det 28 ulike anleggsfirma med nær 5000 mann i arbeid.

Den 3. mars 1942. Den første hallen i Øvre Årdal er i ferd med å reise seg. I framgrunnen den gamle kraftstasjonen. Foto: Nordag.

Den 3. mars 1942. Den første hallen i Øvre Årdal er i ferd med å reise seg. I framgrunnen den gamle kraftstasjonen. Foto: Nordag.

Både tyske, danske og norske firma fekk oppdrag for Nordag i Årdal. Størst var AS Sambygg, som dreiv tunnelar og bygde kraftstasjon.

Arbeidsplassane var så overfolka at folk trakka oppå kvarandre. Sjukefråværet var stort. Gode nordmenn gjorde dessutan alt dei kunne for å halde tempoet nede slik at okkupantane ikkje skulle få glede av det sølvfarga «krigsmetallet» frå Årdal. Effektiviteten låg berre på 30-40 prosent av det tyskarane var vane med frå tilsvarande anlegg i heimlandet.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2011