Hopp til innhold
X
Innhald

Aage W. Owe

Aage W. Owe (1894-1978) frå Horten. Generaldirektør i Årdal og Sundal Verk. Utdanna ved Universitetet i Oslo og NTH som kjemiingeniør. Arbeidde nokre år som lærar før han i 1923 vart tilsett som kjemikar, seinare sjefskjemikar i O. Mustad til 1935. Var 1935-1945 sjefingeniør i AS Margarinsentralen, 1945-1946 direktør same stad.

Owe var administrerande direktør og nestleiar i styret for A/S Årdal Verk frå starten i 1947 til 1952, då han vart generaldirektør i det utvida selskapet Årdal og Sunndal Verk (ÅSV). Owe var generaldirektør i ÅSV til 1966.

Han var kjend for ein «sentralistisk» leiarstil med stor sans for detaljstyring. Alt som student hadde Owe sentrale leiarverv i studentorganisasjonar, og sat frå 1935 i ei rad offentlege utval. Innan næringsliv og utdanning hadde han mange tillitsverv. Owe var m.a. leiar av Studieplankomiteen for NTH som i 1952 la grunnlaget for høgare teknisk utdanning i Noreg. Riddar av St. Olav Orden, den svenske Nordstjerneordenen, Finlands Hvita Ros-orden, Kongens gullmedalje og vitskapleg avhandling og æresmedlem i NIF.

Generaldirektør Aage W. Owe var ein ivrig fotograf, og han har teke ei rekkje bilete som er med på å dokumentere korleis Årdal vart omforma på 1950-talet. Dette biletet av Årdalstangen tok han i 1959. Eigar av biletet: Årdal Sogelag.

Generaldirektør Aage W. Owe var ein ivrig fotograf, og han har teke ei rekkje bilete som er med på å dokumentere korleis Årdal vart omforma på 1950-talet. Dette biletet av Årdalstangen tok han i 1959. Eigar av biletet: Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011