Hopp til innhold
X
Innhald

Aardal Hotell

Aardal Hotel ca. 1950. Ukjend fotograf, eigar Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Aardal Hotel ca. 1950. Ukjend fotograf, eigar Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Aardal Hotel i Øvre Årdal vart starta ca. 1920. Ein Valdres-mann som heitte Hegge, kjøpte ein del tomteland i Øvre Årdal og bygde hotellet, som vart drive den første tida av dottera, frk. Hegge, under namnet «Hegges Hotel».

Hotellet hadde kring 25 senger. Ca. 1940 kjøpte Jørgen Hæreid hotellet. Seinare vart Årdalsstova driven i det gamle hotellbygget av Jan Tore Hauge.

Hotellbygningen vart riven i 2009.

Årdalsstova før rivinga i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdalsstova før rivinga i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2010