Alcan overtek

I 1967 vart ein stor del av norsk aluminiumindustri seld ut av landet. Då overtok det canadiske aluminiumkonsernet Alcan halvparten av aksjane i Årdal og Sunndal Verk, som til då hadde vore eit fullt ut statskontrollert selskap.
I byte overtok ÅSV frå Alcan halvparten av aksjane i Norsk Aluminium CO - NACO sitt aluminiumverk i Høyanger og i vidareforedlings-fabrikken Nordisk Aluminiumindustri i Holmestrand. Litt seinare same året sikra ÅSV seg full kontroll over begge selskapa i Høyanger og Holmestrand. Etter salsavtalen fekk Alcan halvparten av styreplassane i ÅSV.
ÅSV-leiinga vona på at tilknytinga til eit internasjonalt aluminiumkonsern ville sikre tilgangen på råstoffet bauxitt og auke sjansane for å byggje fleire fabrikkar for vidareforedling i Noreg. M.a. var det ei tid aktuelt å byggje ein oksydfabrikk i Naddvik i Årdal som eit mottrekk då Norsk Hydro i 1967 lanserte planar om ein slik fabrikk ved sitt Alnor-verk på Karmøy.

Naddvik, der det vart planar om oksydfabrikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
- Det var i denne tida at det første gong kom på tale å utnytte dei enorme forekomstane av anorthositt i Gudvangen som aluminiumråstoff til avløysing for bauxitt, som måtte importerast (sjå også: Anortositten i Nærøydalen). Korkje Hydro eller ÅSV sine oksydplanar vart det noko av - heller ikkje eit fellesprosjekt mellom Hydro og ÅSV på Mongstad på 1970-talet.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.04.2011