Hopp til innhold
X
Innhald

Alcan-samarbeidet raknar

Sjølv om Alcan-avtalen frå 1967 hadde intensjonar om norsk vidareforedling, vart det etterkvart klårt at det canadiske konsernet berre var oppteke av ÅSV som produsent av råaluminium til Alcan sine vidareforedlingsfabrikkar elles i verda.

Då Alcan sette seg imot eit utvida samarbeid med Raufoss om vidareforedling, vekte det sterke reaksjonar. Det norsk-canadiske samarbeidet vart sett på ein hard prøve både innad i konsernet og politisk.

ÅSV sine strategar såg at den norske vasskraft-epoken ebba ut, og såg seg rundt etter andre bein å stå på. Då oljen spruta opp frå den første brønnen på Ekofisk- feltet i Nordsjøen 1969, vart heile Noreg råka av oljefeber. ÅSV som eit av dei store, norsk industrikonserna hengde seg på i kappløpet om oljeressursane, og var ein sentral aktør då Saga Petroleum vart skipa i 1972. Saga hadde som mål å drive både med oljeutvinning og vidareforedling gjennom dotterselskapet Saga Petrokjemi.

Men det canadiske Alcan var imot at ÅSV skulle satse på olje og petrokjemi. Denne «innblandinga» vekte sterk irritasjon både hos ÅSV-leiinga og i det politiske Noreg. I tillegg til Alcan sin motstand mot ÅSV sitt ynskje om å bygge ut norske fabrikkar for vidareforedling, gjorde dette at spenningane auka.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2011