Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Andersen

Alfred Andersen heldt til i dette industribygget i Saltviki frå 1974 til 2002. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Alfred Andersen heldt til i dette industribygget i Saltviki frå 1974 til 2002. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Alfred Andersen med hovudkontor i Larvik bygde ei sveiseverksemd på Årdalstangen i 1974. Verksemda hadde på det meste 24 tilsette og bygde og reparerte omnar for ÅSV og seinare Hydro, i tillegg til oppdrag for oljeindustrien. Mellom anna vart beina til ei oljeplattform produsert på Årdalstangen.

Verksemda i Årdal vart lagd ned i 2002, og industribygget i Saltviki vart kjøpt av kommunen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2010