Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Buene

Den tidlegare Buene-butikken. I dag held klesbutikken Årdal Trend til der. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare Buene-butikken. I dag held klesbutikken Årdal Trend til der. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Alfred Buene og Martin Kvam starta sko- og klesbutikk i Øvre Årdal i 1949. Buene var innflyttar frå Flåm og Kvam kom frå Sogndal. Etter ei tid gjekk Kvam ut av samarbeidet, og Buene dreiv butikken vidare som rein klesbutikk.

Sonen Gunnar Buene kom med i drifta i 1961 og dreiv butikken i Øvre Årdal som Cubus-butikk til han la ned i 1996. Då flytta han til Fagernes der han hadde drive klesbutikk sidan 1974.

Fagernes-butikken selde han i 2006.

I 2008 held klesbutikken Årdal Trend til i forretningsbygget som Buene reiste i Øvre Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.02.2010