Ålmenn kraftforsyning i Årdal

Den gamle kraftstasjonen i Øvre Årdal er eit særmerkt byggverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Tyinfaldene starta ein mindre kraftstasjon i 1918. Den sytte frå 1920 for straumforsyning til gardane i Øvre Årdal. I 1933 bygde Tyinfaldene ein ny stasjon som forsynte heile Øvre Årdal. På Årdalstangen fekk folk installert elektrisk straum i 1943-1944, produsert på eit dieselaggregat som krigsfirmaet Nordag bygde.
L/L Årdal Kraftlag
vart skipa i 1945 og sytte fram til 1949 for at alle grendene i kommunen, med unntak av Ytre Ofredal, fekk innlagt straum.
Årdal Energi
– sjå L/L Årdal Kraftlag.
Årdalsnett AS
– sjå L/L Årdal Kraftlag.

Den øvre delen av Seimsdalen, der Seimsdal Kraft har bygt småkraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Øyni kraftverk
i Seimsdal vart sett i drift i 2011. Dette er det første småkraftverket i Årdal og er bygt av grunneigarar i Seimsdalen. Krafta frå Seimsdalselvi – 17 GWh - er nok til å forsyne 1200 husstandar.

Kraftmast på Loi med Årdalstangen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Om fossekjøp, Tyinfaldene og utbyggjing av kraft til storindustrien - sjå m.a.:
Les meir om: Historia i ÅrdalKjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 23.05.2011