Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeids- og mjølkeruter til Luster

Mjølkeruta MK ”Kvelding” ved den gamle meierikaia på Årdalstangen i 1955. Nokre år seinare vart det bygt ny kai med transportband for mjølkespanna. Foto: Aage W. Owe/Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Mjølkeruta MK ”Kvelding” ved den gamle meierikaia på Årdalstangen i 1955. Nokre år seinare vart det bygt ny kai med transportband for mjølkespanna. Foto: Aage W. Owe/Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Då aluminiumverket kom i drift i 1947 vart Årdal eitt at dei viktigaste trafikkpunkta for Fylkesbaatane, både for godstransport til og frå verket og for transport av jordbruksvarer og arbeidsfolk frå andre sognebygder til den nye industribyen.

I 1964 ytte Årdal kommune tilskot til ei dagleg mjølkerute frå Solvorn i Luster til Årdalstangen. Jørgen Offerdal dreiv også mjølkerute med "Kvelding" og "Offerdal" frå Lærdal til meieriet på Årdalstangen. - Les elles under artikkelen: Riksvegen langs Årdalsfjorden, om planane kring 1960 om eit vegsamband langs fjorden mot Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.04.2011