Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Bilverksted A/S

S. Dahl Berge med bilverkstad og bensinstasjon i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

S. Dahl Berge med bilverkstad og bensinstasjon i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Bilverksted A/S på Årdalstangen vart skipa i 1945 av Sigurd Dahl Berge, og dreiv også bensinstasjon og sports- og jernvareforretning. Berge starta i 1956 også ei maskinentreprenørforretning på Årdalstangen. Sonen Olav vart medeigar i 1988, då firmaet endra namn til S. Dahl Berge AS.

I 2013 vart selskapet overteke av Michael Zerbst. Bensinstasjonen, som tidlegare var ein Statoil-stasjon, vart ein del av Best-kjeda (sjå Centrum Bensin AS). S. Dahl Berge har fire tilsette i 2013.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2013