Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Koparverk

Slik kan ein tenkje seg at gruvedrifta på Gruvefjellet i Årdal gjekk føre seg. Dei let naturen hjelpe seg med arbeidsplattformer av is. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Slik kan ein tenkje seg at gruvedrifta på Gruvefjellet i Årdal gjekk føre seg. Dei let naturen hjelpe seg med arbeidsplattformer av is. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Reinveiding og koparfunn

Året 1700 kom to årdalsbønder på reinsjakt over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei bergverksdrift som eksisterte i 62 år. På 1600- og 1700-talet var det stor interesse mellom pengefolk for bergverksdrift, og både nordmenn og utlendingar leita i den norske fjellheimen etter drivverdig malm - særleg kopar, sølv og gull. Dei første som kravde retten til Årdals-koparen, var statthaldar Friderik von Gabel og politimeister Heinrich Blat, som tidlegare hadde drive som apotekar i Bergen. Dei kravde retten kvar for seg, og etter mange rettssaker sigra Blat.

Kongens kopargruver

Den første malmen frå Grøndalsfjellet, eller Gruvefjellet, vart broten i 1702 av 15 øvde bergverksfolk som kom frå kopargruvene på Røros og Løkken.

Koparverksbyen

Koparverksbyen

På Farnes i Øvre vart det i 1709 bygd smeltehytte. På Farnes budde arbeidarar og funksjonærar, og den vesle «gruvebyen» talde med koner og born kring 200 personar.

Jordstrid og deportasjonsplanar

For å skaffe mat, heldt koparverksarbeidarane husdyr sjølve. Dette skapte stadige konflikter med bøndene, som klaga til Kongen over beiteskader i inn- og utmark. Verksleiinga gjorde difor framlegg om at jorda til dei fire bøndene på Farnes skulle skiftast i 60 jordteigar til gruvearbeidarane. I byte skulle bøndene få gardar andre stader i Sogn.Kongen i København godkjende denne «deportasjonen» av Farnes-bøndene, men av ukjend grunn vart ikkje flytteplanen gjennomført.

Kopargruvene i Blåberg sett frå Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kopargruvene i Blåberg sett frå Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Med is som gruvestillas

Turen opp til kopargruvene var fire timars beinhardt slit: Arbeidsfolket bar med seg proviant og utstyr for ei vekes drift. Overstigar Schmidt omkom på ei strabasiøs ferd frå gruvene vinterstid i 1728. Arbeid i gruvene vart også nytta som straffearbeid for fangar. Gruvene i fjellet heitte m.a. Guds Gåve (1500 m.o.h), Guds Nåde, Guds Godleik, Guds Vilje, Kongens Gruve og Prins Frederiks gruve, den siste opna i 1723. Malmen vart sprengd laus med krut. Men også den gamle «sprengingsmetoden» med vedfyring (setteved) og kaldt vatn på oppvarma berg vart brukt.

Ein av gruveinngangane i Blåberg. Foto: Bjørn Berg. Frå arkivet til Hydro

Ein av gruveinngangane i Blåberg. Foto: Bjørn Berg. Frå arkivet til Hydro

Gruvegangane vart m.a. avstiva med is. Arbeidarane pumpa vatn ut av gruva i porsjonar. For kvar gong let dei det fryse eit solid islag på vatnet før dei pumpa ut ein ny porsjon. Slik kunne dei få opptil fire tjukke isgolv som vart nytta som arbeidstillas inne i gruva!

Brenneved frå Vettismorki

Verket kjøpte store skogsrettar m.a. i Vettismorki. Dei frakta tømmeret fram ved å fløyte det utfor Vettisfossen og ned Utla til Farnes.

Verksdirektør, fantast og alkymist

I 1711 vart den tyskfødde oberstløytnant Johann Heinrich von Schört tilsett som ny direktør for Årdal Koparverk.

Engelske eigarar og endeleg stans i 1762

I 1731 tok eit engelsk selskap over med lovnad om å få drive i 21 år. Engelskmennene nytta steinkol i staden for krut i gruvene, med det resultat at malmen brann opp. Etter tre år trekte utlendingane seg ut, og koparverket vart stengt i mange år. Siste forsøket på kopardrift vart gjort i 1756. Men i 1762 vart sluttstrek sett for Noregs minste og minst lønsame kopargruve - Årdal Koparverk.

Minne frå gruvedrifta

Det mest synberre minnet etter gruvedrifta i Årdal er det såkalla «koparverkshuset» på Årdalstangen.

Koparverkshuset som står på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Koparverkshuset som står på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011