Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Plast AS

Årdal Plast AS. Etter at biletet vart teke har verksemda skifta namn til Aardal as. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Plast AS. Etter at biletet vart teke har verksemda skifta namn til Aardal as. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Plast AS i Utladalen vart starta i 1987 av Bjarne Rasmussen. Han dreiv verksemda saman med sonen Jan, og Magnar Valsvik. Dei heldt først til i ein nedlagd kraftstasjon, flytta deretter til eige bygg i 1990 og overtok eit kommunalt industrihus i 1994.

Glasfiberprodukta omfattar m.a. sanitærutstyr for bad og benkeplater. Årdal Plast hadde i 2000 22 tilsette og ei omsetning på 14 millionar kroner.

Seinare vart namnet endra til Aardal as, og verksemda spesialiserte seg på heildekkande servantar i kunstmarmor og porselen. I 2010 var det 16 tilsette i Aardal as.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2010