Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal realskule

Grønrussen frå Årdal realskule i 17. mai-toget på Årdalstangen i 1960. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Grønrussen frå Årdal realskule i 17. mai-toget på Årdalstangen i 1960. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Årdal realskule vart starta som to-årig skule på Farnes i 1943: Seinare skuledirektør i Sogn og Fjordane, Olav Åm, var første styrar. Realskulen vart treårig frå 1947, og fekk eksamenrett i 1951.

Kommunen finansierte skuledrifta fram til 1951, då Staten ytte tilskot. Realskulen vart lagd ned i 1961 då ungdomsskulen vart innført.

Les meir om skulane i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011