Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal sat i andelaus spaning

I Stortinget møtte framlegget om eit statseigd verk i Årdal sterk motstand frå Høgre, som ville sende Tyin-krafta til Austlandet. Sjølv om Arbeiderpartiet hadde programfesta sosialisering av storindustrien, var det lenge uvisst korleis enkelte i stortingsgruppa ville røyste. Her som elles stod distriktsinteresser imot kvarandre.

Den 8. juli 1946 sat heile Indre Sogn i andelaus spaning kring radioapparata og venta på utfallet i Stortinget. Dei ivrigaste årdølene hadde reist til Oslo og fylgde debatten på stortings-galleriet. Og då meldinga kom om at Stortinget vedtok utbygging av eit statseigd aluminiumsverk i Årdal, gjekk flagga til topps i heimbygdene.

Etter 30 års anleggsdrift med uvisse, kriser og naudsår var det endeleg klart at Årdal skulle bli den industribyen som forfedrene drøymde om i 1910.

«Sosialdemokratiets utstillingsvindauge»

«Sosialdemokratiets utstillingsvindauge»

Elektrolysehallane til Årdal Verk i Øvre Årdal vart fullførde. Hall A vart sett i drift i 1948, og Hall B i 1950 med ein samla kapasitet på 30.000 tonn pr. år. På Årdalstangen og vart den halvferdige oksydfabrikken erstatta av eit råjernverk, drive i samarbeid med Christianaia Spigerverk frå 1949 til 1959.

Storindustrien i Årdal vart den største demninga som nokon gong er bygd mot utflytting frå bygdene i Sogn og Fjordane. To år etter starten var talet på tilsette passert 1000.

Arbeidarpartiet med regjeringa Gerhardsen i spissen la all prestisje i å utvikle den nye industribyen Årdal til eit mønstersamfunn. - Og dei hadde makt og midlar til å gjennomføre planen om å gjere Årdal til «Sosialdemokratiets utstillingsvindauge»:

Partiet sat med regjeringsmakta, hadde reint fleirtal i Stortinget og i kommunestyret i Årdal, og kontroll over ei statseigd bedrift som grunnsteinen i byggverket.

Arbeidarane kom flyttande frå heile landet til Årdal. Den første tida måtte mange bu i tyskarbrakker. Men med økonomisk støtte frå verket vart det skipa bustadbyggelag som bygde nye bustadblokker. Sjølvbyggarar fekk også tilskot og hjelp med byggereidskap frå verket. ÅSV ytte tilskot til skular, idrettsanlegg, rådhus og andre offentlege bygg.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009