Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Sogelag størst på Vestlandet

Koparverkshuset som sogelaget kjøpte og som no står på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Koparverkshuset som sogelaget kjøpte og som no står på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogelaget i Årdal vart skipa i 1949. Den første store oppgåva for laget var å få kjøpt det gamle ”koparverkshuset” som var det einaste bygningsminnet som var att etter Årdal Koparverk frå 1700-talet. Dette vart funne att i Luster og flytta og sett opp att i Øvre Årdal, men vart seinare flytta til Årdalstangen.

Etter å ha lege nede i mange år, vart historielaget nyskipa i 1991 og har med tida fått 800 medlemer. Dette gjer det til eitt av dei største historielaga i landet. Laget har eige medlem blad: ”Årdal før og no”, og har også arbeidd mykje for å sikre minna etter utanlandske krigsfangar som arbeidde i tusental på Årdals-anlegga under 2. verdskrig. Laget har teke vare på Russarbrakka i Saltviki og nyttar den som lagslokale.

Årdal Sogelag har sett i stand ei av russarbrakkene i Saltviki og brukar den til lagslokale. Foto: Egil Jørgen Lund.

Årdal Sogelag har sett i stand ei av russarbrakkene i Saltviki og brukar den til lagslokale. Foto: Egil Jørgen Lund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2010