Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Verk vart skipa

Verket hadde eit enormt behov for arbeidskraft dei første åra. Her har to godt vaksne tangingar, Johannes Lægreid og Martin Lægreid, møtt opp hjå Frank Hybertsen på personalkontoret for å søkje arbeid. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

I Stortinget møtte framlegget om eit statseigd verk i Årdal sterk motstand frå Høgre, som ville sende Tyin-krafta til Austlandet. Sjølv om Arbeiderpartiet hadde programfesta sosialisering av storindustrien, var det lenge uvisst korleis enkelte i stortingsgruppa ville røyste. Her som elles stod distriktsinteresser imot kvarandre.

Den 8. juli 1946 sat heile Indre Sogn i andelaus spenning kring radioapparata og venta på utfallet i Stortinget. Dei ivrigaste årdølene hadde reist til Oslo og fylgde debatten på stortings-galleriet. Og då meldinga kom om at Stortinget vedtok utbygging av eit statseigd aluminiumsverk i Årdal, gjekk flagga til topps i heimbygdene.

DS ”Ørnefjell” er i ferd med å klappe til kai på Årdalstangen i 1947. Skipet har med den første oksidlasta til Årdal, og dermed kan produksjonen av aluminium ta til. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Etter 30 års anleggsdrift med uvisse, kriser og naudsår var det endeleg klart at Årdal skulle bli den industribyen som forfedrene drøymde om i 1910.

«Sosialdemokratiets utstillingsvindauge»

Elektrolysehallane til Årdal Verk i Øvre Årdal vart fullførde. Hall A vart sett i drift i 1948, og Hall B i 1950 med ein samla kapasitet på 30.000 tonn pr. år. På Årdalstangen og vart den halvferdige oksydfabrikken erstatta av eit råjernverk, drive i samarbeid med Christiania Spigerverk frå 1949 til 1959.

Dette er mellom dei første aluminiumbarrane som vart  produserte i Årdal, klare til utskiping frå verkskaia på Årdalstangen. Ukjend fotograf. Eigar: Hydro Aluminium.

Dette er mellom dei første aluminiumbarrane som vart produserte i Årdal, klare til utskiping frå verkskaia på Årdalstangen. Ukjend fotograf. Eigar: Hydro Aluminium.

Storindustrien i Årdal vart den største demninga som nokon gong er bygd mot utflytting frå bygdene i Sogn og Fjordane. To år etter starten var talet på tilsette passert 1000.

Arbeidarpartiet med regjeringa Gerhardsen i spissen la all prestisje i å utvikle den nye industribyen Årdal til eit mønstersamfunn. - Og dei hadde makt og midlar til å gjennomføre planen om å gjere Årdal til «Sosialdemokratiets utstillingsvindauge»:

Øvre Årdal i 1958. Kaoset frå 1945 er blitt til eit velregulert industrisamfunn. På Ve-sida er tyskarbrakkene rivne og erstatta av bustadhus, og på Farnes har eit lite bysamfunn reist seg. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Partiet sat med regjeringsmakta, hadde reint fleirtal i Stortinget og i kommunestyret i Årdal, og kontroll over ei statseigd bedrift som grunnsteinen i byggverket.

Desse bustadblokkene nær verksporten i Øvre Årdal vart bygde av ÅSV i 1957 og seinare overtekne av Årdal Boligbyggelag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Desse bustadblokkene nær verksporten i Øvre Årdal vart bygde av ÅSV i 1957 og seinare overtekne av Årdal Boligbyggelag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arbeidarane kom flyttande frå heile landet til Årdal. Den første tida måtte mange bu i tyskarbrakker. Men med økonomisk støtte frå verket vart det skipa bustadbyggelag som bygde nye bustadblokker. Sjølvbyggarar fekk også tilskot og hjelp med byggereidskap frå verket. ÅSV ytte tilskot til skular, idrettsanlegg, rådhus og andre offentlege bygg.

ÅSV var på mange måtar med på å byggje det nye industrisamfunnet, også utanfor verksporten. I Øvre Årdal vart det mellom anna bygt eit utandørs symjebasseng på 50 x 25 meter med tilskot og varmt vatn frå verket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.11.2013