Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal vert salderingspost i Hydro

På dette prospektkortet frå 1915 ser vi at nokre av bygningane til A/S Tyinfaldene er komne opp.  Foto: Mittet. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette prospektkortet frå 1915 ser vi at nokre av bygningane til A/S Tyinfaldene er komne opp. Foto: Mittet. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Anleggsarbeidet strekte seg over 30 år, og gjekk i rykk og napp. Under skiftande konjunkturar var det Tyin-anlegga som vart salderingsposten då Norsk Hydro kom i pengenaud.

Då 1. verdskrigs braut ut, vart såleis heile arbeidsstyrken i Årdal sagt opp. Hydro prioriterte utbyggjing av dei store fabrikkanlegga i Telemark, og hadde diffuse planar om kva krafta frå Tyin skulle brukast til.

Anortositten i Kinsedal

Under 1. verdskrig var aluminiumsproduksjon mest aktuelt: For å sikre råstoff til slik produksjon både i Årdal og ved andre verk som konsernet ville byggje, kjøpte Hydro rettane til anortositt-felta i Kinsedal aust for Lustrafjorden. Anortositten skulle nyttast til å framstille aluminiumoksyd. Under 1. verdskrig vart det brote ein del stein i Kinsedal som vart levert til eit aluminiumsverk i Sauda. I mellomkrigstida låg drifta nede, men vart teken opp att i 1940 av Norsk Hydro for råstoffproduksjon til eit aluminiumsverk på Herøya ved Porsgrunn.

Seinare starta også okkupasjonsmakta antortosittbrot i Kinsedal i regi av Nordag-selskapet.

På dette biletet frå 2007 ser vi dei tre murhusa til A/S Tyinfaldene som framleis står like ved verksporten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet frå 2007 ser vi dei tre murhusa til A/S Tyinfaldene som framleis står like ved verksporten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2011