Hopp til innhold
X
Innhald

Årdalstangen Idrettslag

Idrettsanlegget på Årdalstangen blir kalla Cuba stadion. Det har samanheng med Cuba-krisa rundt 1960. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Idrettsanlegget på Årdalstangen blir kalla Cuba stadion. Det har samanheng med Cuba-krisa rundt 1960. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Årdalstangen Idrettslag vart skipa i 1939 – til dagleg forkorta til ÅTIL. Frå starten og fram til 1967 heitte laget Tangen Idrettslag. Seniorfotballen i ÅTIL og IL Jotun i Øvre Årdal slo seg saman i 2003.

Fotballaget til Årdalstangen IL i 1974. Framme frå v: Ottar Lægreid, Jarl Gunder Fredsvik, Åge Sem Johansen, Magne Asperheim, Lars Endresen, Jan Haavik. Bak frå v: Idar Nesse, Terje Nilssen, Norvald Fedje, Jan Kåre Stedje, Oddvar Grøteig, Audun Lægreid og Dag Aga Ulvestad. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Seimsåsen Aktivitetssenter

Årdalstangen Idrettslag har m.a. bygt ut Seimsåsen Aktivitetssenter i 1999 som eit hovudanlegg for ski og friluftsliv i Årdal kommune. Skianlegget har 10 kilometer skiløyper, og det vert køyrt opp turløyper til Paradisjuvet og Slettedalen. På Seimsåsen ligg også klubbhuset Aosahytta som m.a. vert leigd ut til møte og konferansar.

Den vidkjende Ofredalstunnelen har gitt årdølene lett tilgang til eit eldorado på Seimsåsen. Dette biletet er teke frå turløypa mellom skisenteret og Paradisjuvet. Foto: Jonny Asperheim.

Den vidkjende Ofredalstunnelen har gitt årdølene lett tilgang til eit eldorado på Seimsåsen. Dette biletet er teke frå turløypa mellom skisenteret og Paradisjuvet. Foto: Jonny Asperheim.

Tangen skule- og fritidspark

I samband med at Tangen skule vart pussa opp i 2004 vart det også bygt ein stor såkalla fritidspark ved skulen. Fritidsparken er utvikla saman med ÅTIL og har kunstgrasbane og dekkjungel, klatrevegg, ballvegg, turnbasseng, skateanlegg, sandvolleyballbane og fleire andre baner for ballidrettar.

Ein del av aktivitetsparken ved Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del av aktivitetsparken ved Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Legg vekt på trygg transport

Idrettslaga i Årdal har lagt stor vekt på at idrettsungdomen skal verte skyssa trygt til og frå idrettsarrangement. I eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og idrettslaga har Årdal og Eid kommunar vorte prøvekommunar for trygg transport av idrettsungdom. Som ein lekk i dette arbeidet har ÅTIL kjøpt inn to lagsbussar, Årdal Fotballklubb ein og Idrettslaget Jotun ein buss, alle med trena sjåførar. Den same ordninga med lagsbuss har Eid Idrettslag.

Lagsbilane til Årdalstangen IL. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lagsbilane til Årdalstangen IL. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.01.2010