Hopp til innhold
X
Innhald

Årdalstangen ueigna som by

Årdalstangen før 1890. Huset i midten er Klingenbergs gjestgiveri. © Fylkesarkivet.

Årdalstangen før 1890. Huset i midten er Klingenbergs gjestgiveri. © Fylkesarkivet.

Etter skriveri i Oslo-avisa Morgenbladet og oppmoding frå Lærdal kommunestyre i 1839 om at Lærdalsøyra måtte få bystatus, sette Stortinget ned ein komite som fekk i oppdrag å finne ein høveleg stad for ein by i Indre Sogn.

I Stortinget var det sogndølen Mons Eggum som tok opptaket til kommisjonen, som m.a. fekk med seinare amtmann Michael C.S. Aubert som medlem. Kommisjonen vurderte byplassering i Skjolden, Kaupanger og Årdalstangen, men gjekk i 1840 samrøystes inn for Lærdalsøyri.

Om Årdalstangen sa kommisjonen at staden ikkje i noko tilfelle kunne kome på tale «efterdi det er blottet for Comminication med Fastlandet, med gode Landeveie, og Havnen ved Meniis er berøvet Forbindelse endogsaa med Havet». I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdalsøyri skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos. Men Stortinget avviste alle framlegga då, og sidan kom ikkje tanken om by i Indre Sogn opp att.

Årdalstangen har meir bypreg i dag, men bystatus har ikkje vore aktuelt. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Årdalstangen har meir bypreg i dag, men bystatus har ikkje vore aktuelt. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.05.2014