Arne Konrad Eldegard

Arne Konrad Eldegard fødd 1917, frå Øvre Årdal. Bankmann, ungdomslagmann og Venstre-politikar. Kasserar og avdelingsstyrar i Årdal Sparebank si avdeling i Øvre Årdal frå 1953.
Hadde ei rad tillitsverv i organisasjonar, m.a. som formann i Sogn Ungdomslag og Sogn songarlag. Styremedlem i Noregs Ungdomslag. Medlem av kommunestyre og formannskap i mange år, og vararepresentant til Stortinget 1965-1969.
Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2008.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 12.04.2011