Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Tyinfaldene i samanslåing

Tya i vinterdrakt der vassdraget kjem ned til Øvre Årdal ved Moa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tya i vinterdrakt der vassdraget kjem ned til Øvre Årdal ved Moa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Tyinfaldene vart skipa i 1908 av ei tysk industrigruppe med storkonsernet BASF i spissen. Dei hadde i 1906 sikra seg fallrettar i Tya med tilhøyrande industrigrunn på gardane Ve og Moa i Øvre Årdal.

Tyskarane hadde sidan 1906 drive forsøksproduksjon av kunstgjødsel etter den såkalla Schönherr-metoden ved eit anlegg i Kristiansand. Metoden var svært lik den norske Birkeland-Eyde-metoden som la grunnlaget for Norsk Hydro.

I staden for å konkurrere, slo dei to selskapa seg saman og skipa to nye selskap: AS De Norske Salpeterværker skulle produsere gjødsla, og Norsk Kraftaktieselskap skulle syte for den elektriske krafta.

Hydro disponerte på si side rikeleg med fossar som «medgifte» for samarbeidet, medan tyskarane i ein fart måtte sikre seg eit høveleg «medgifte» for å bli jamnbyrdige i ekteskapet. Valet fall på dei enorme fossefalla som fossespekulantane Nils Henrik Bruun og Henrik Spangelo sat med i Tya. I 1906 fekk BASF handgjeve kjøparretten på både fossefall, oppdemmingsrettar på fjellet og industrigrunnen som høyrde til i Øvre Årdal. BASF kjøpte samstundes store fallrettar i Matre i Nordhordland. Men norske politikarar skulle stikke kjeppar i hjula til tyskarane.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.04.2011