Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Årdal

Det aller første nummeret av Verksposten i 1948.

Verksposten

var eit internt meldingsblad for tilsette ved Årdal Verk og kom ut for første gong i juni 1948. Bladet dokumenterte oppbygginga av verket og industrisamfunnet Årdal både med tekst og foto. Det omfattande biletmaterialet er teke vare på av Årdal Sogelag. Mellom artiklane i det første nummeret var ”Fra bondesamfunn til industrisamfunn”, ”Boligsaken”, Velferdsarbeidet”, ”Fra musikklivet”, ”Sport” og ei eiga spalte for sjakk og bridge. I 1968 vart Verksposten avsløyst av Nytt fra Årdal.

Det aller første nummeret av Verksposten i 1948.

Det aller første nummeret av Verksposten i 1948.

Nytt fra Årdal

- sjå Verksposten.

Første nummeret av Nytt fra Årdal i 1968.

Første nummeret av Nytt fra Årdal i 1968

Sogn Dagblad

(den tidlegare Arbeidarparti-avisa Sogn Folkeblad med hovudredaksjon i Høyanger) starta avdelingskontor i Årdal i 1955 med Olaf Vee-Haugen som første journalist. Sidan har desse vore korrespondentar: Kjell Aga Ulvestad, Rune Timberlid, Kjell Arvid Stølen, Jan Egil Fimreite, Ingunn Nesset, Tor Olav Veheim, Kjell Mære, Svend Arne Vee, Åsgeir Størdal. Sogn Dagblad vart lagd ned i 1997. (Sjå elles Sogn Dagblad under «Aviser og media i Høyanger»).

NRK Sogn og Fjordane

hadde frå 1979 Turid Askeland og deretter Oddvar Vindedal som kontaktmedarbeidarar i Årdal fram til 1984.

Indre Sogn Avis

Indre Sogn Avis

vart starta i 1980 etter initiativ frå tidlegare journalist i «Sogn og Fjordane», John Moberg frå Leikanger. Avisa var lokalavis for Årdal og Lærdal, og vart nedlagd i 1983. John Moberg og Jan Egil Fimreite var redaktørar dei to åra avisa var i drift.

Årdal Nærradio

vart starta i 1986, og vart driven i samarbeid med kommunen, Hydro og organisasjonar i eit par år. Ansvarlege redaktørar var Steinar Lægreid og Terje Halvorsen.

Årdal & Lærdal Avis

vart starta i 1997 like etter at Sogn Dagblad (sjå denne øvst) vart lagd ned. Ole Johannes Øvretveit var redaktør ein kort periode før Svend Arne Vee tok over fram til år 2000, då han vart avløyst av Kjell Eldegard. Avisa hadde ein kort periode avdelingskontor i Lærdal. Årdal og Lærdal Avis vart lagt ned i juni 2002.

Sogn Avis

starta avdelingskontor i Årdal i 1995 med Jan Egil Fimreite som korrespondent.

Porten.no

Nettavisa Porten.no vart starta i 2004 for å dekke Årdal. Seinare er dekningsområdet utvida til og å gjelde Lærdal.

Framida til Porten.no.

Framida til Porten.no.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018