Hopp til innhold
X
Innhald

Båtrenna

Hadde planane om båtrenne og kanal blitt gjennomførde kunne store båtar ha  gått frå fjorden opp til Årdalsvatnet og vidare til Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hadde planane om båtrenne og kanal blitt gjennomførde kunne store båtar ha gått frå fjorden opp til Årdalsvatnet og vidare til Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På oppdrag frå kanaldirektøren arbeider ingeniør Riis i 1863 ut planar og kostnadsoverslag for «Hæreidselvens Farbargjørelse», og i 1866 vart spørsmålet om ei «båtrenne» frå fjorden til Årdalsvatnet lufta i kommunestyret.

Med støtte frå det statlege kanalfondet og kommunen starta arbeidet i 1867 under leiing av ingeniør J. Vogt, og båtrenna på nordsida av elva vart teken i bruk i 1869.

Båtrenna gjekk i Hæreidselvi og var eit steinsett vass-slok på ca. to meters breidde og ein meters høgde. Langs renna vart det bygd ein smal veg for folket som drog båtane. Men båtrenna vart øydelagd av flaum og utrasing. Prosjektet var mislukka.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.04.2011