Hopp til innhold
X
Innhald

Britt Smelvær

Britt Smelvær fødd 1945 i Dumphries, Skottland, oppvaksen i Årdal. Busett i København. Biletkunstnar. Har m.a. hatt separatutstillingar i København og Oslo, og var Festpelutstillar i Bergen 1998 med installasjonen STILLE, som også vart vist på Island og i Finland.

Har elles m.a. delteke i ei rad kollektivutstillingar i Skandinavia, dei baltiske landa, Tyskland, Spania, England og Japan. I Sogn og Fjordane deltok m.a. Smelvær med installasjon under Miljøkunstveka i Førde 1989, og har hatt utsmykkingsoppdrag for Fylkeshuset Leikanger, Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Har elles hatt offentlege utsmykkingsoppdrag i Noreg og Danmark. Innkjøpt m.a. av Bergen Billedgalleri, Museet for Samtidskunst i Oslo, og kunstindustrimusea i Bergen, Trondheim og København. Professor ved Kunsthøgskolen i Bergen 1993–1997. I 2005 gav Skald Forlag ut ei bok om Britt Smelvær.

Kunstverk av Britt Smelvær på Årdal vidaregåande skule.

Kunstverk av Britt Smelvær på Årdal vidaregåande skule.

Denne skulpturen av Britt Smelvær står ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne skulpturen av Britt Smelvær står ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011