Hopp til innhold
X
Innhald

Dahls Hotell

Dahls Hotell i 1955. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Dahls Hotell i 1955. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Dahls Hotell på Årdalstangen vart starta i 1909 av Jakob Dahl i det såkalla «Tangenhuset».

Hotellet var ei vidareføring av gjestgiveriet som hadde vore drive på skysstasjonen i lang tid (sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen). I kjellaren dreiv Jakob Dahl og fleire før han landhandel. Dahl var dampskipsekspeditør og hadde også sjøbu, der det var losjirom for mannskapet på dampbåten som trafikkerte på Årdalsvatnet. Verksemda vert i 2008 driven under namnet Tangen Pensjonat.

Tangen Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tangen Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.02.2010