Hopp til innhold
X
Innhald

Dampskipskai og Dahls Hotell

Qvam-folket overlet verksemda i Årdal til Sjur Årebru i 1897, som overlet eigedomane til sonen Jakob Dahl i 1909.

Først då sogndølen Nils Qvam tok over eigedomane i 1856, kom handelen i gang att. Qvam vart ekspeditør då Fylkesbaatane starta rute til Årdal i 1869, og bygde kai i 1871.

Qvam-folket overlet verksemda i Årdal til Sjur Årebru i 1897, som overlet eigedomane til sonen Jakob Dahl i 1909.

Dahl starta også Dahls Hotell. Dette heldt til i det såkalla «Tangenhuset», der det og var landhandel i kjellaren. Jakob Dahl døydde i 1954, og dottersonen Jakob Dahl Askeland tok over handelen. Det gamle «Tangenhuset» frå ca. 1840 vart rive like etter 2. verdskrig.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008